Ømme tærOm du har ramla og fått ein øm og hoven fot, plar det hjelpa at nokon smiler ømt og spør om det er noko dei kan gjera – eller seier nokre ømme ord og stryker deg ømt på kinnet. Skal tru korleis det ømme kan vera både godt og vondt?

Publisert

Om du har ramla og fått ein øm og hoven fot, plar det hjelpa at nokon smiler ømt og spør om det er noko dei kan gjera – eller seier nokre ømme ord og stryker deg ømt på kinnet. Skal tru korleis det ømme kan vera både godt og vondt?

Den vonde og leie «ømskapen» er eldst. Adjektivet øm kjem av norrønt aumr, som tyder ‘ussel, elendig, ulukkeleg, fattig’. Islandsk aumur vert framleis nytta i tydinga ‘elendig, stakkarsleg’, men ordet kan òg tyda ‘øm, sår’: «Hún var aum í fætinum (øm i foten).» Det same gjeld færøysk eymur, som attpåtil kan tyda ‘kjærleg’, til liks med vårt øm. Dimed femner ordet både elende og kjærleik. Og slik har det vore ei stund, for alt i norrønt fanst ordet aumhjartadr (‘medynksam’). Spennet i tyding er stort. Men det heng på eit vis saman likevel: frå ‘elendig, ussel, som vekkjer medynk’ til ‘prega av ein ussel tilstand (skade, sjukdom e.l.) som valdar smerte’ og derifrå til ‘kjensleg for fysisk eller psykisk påverknad’ og til sist ‘som er full av (varme) kjensler, som vitnar om medkjensle og omhug’. Dessutan har mange av oss røynt at ein kan vera so glad i nokon at det mesta gjer vondt. Ordet ømhjarta er soleis råkande.

Men kva med ømfintleg? Er det både ømt og fint? Vel, her har språket stelt det fint til. Ømfintleg kjem frå tysk empfindlich (‘kjensleg’). Førefestet er opphavleg ent-, ei sideform av unt-, men i norsk og dansk fekk det forma øm- etter påverknad frå adjektivet øm. Med andre ord: Ømfintleg og øm gjev seg ut for å vera i ætt, men er det i grunnen ikkje. Dei av oss som helst styrer unna tyskætta låneord, har mange avløysarar å velja mellom, som ømskinna, ømtolen og ømtolug. Visse skilnader er det, sjølvsagt: Personar som er vare for ljos, får stundom høyra at dei er ljosømfintlege, men ljosømskinna er dei vel ikkje? Slike ømtoluge spørsmål lèt me liggja.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement