Om å sverte fortida
Colosseum i Roma, fotografert i 1970.
Foto: NTB scanpix
Den 24. august år 410 e.Kr. er ein svart dag i europeisk historie, ein av dei svartaste. Den dagen fall Roma, hovudstaden i den kjende verda, for barbarane.
Edward Gibbon, som har skrive om romarrikets oppgang og nedgang, skildrar hendinga slik:
«Ved midnattstid vart Den Salariske Porten stille opna, og innbyggjarane vart vekte av den høge lyden frå den gotiske trompeten. 1163 år etter at Roma var grunnlagd, vart den keisarlege byen, som hadde underlagt seg og sivilisert ein så stor del av manneætta, overgitt til det ustyrlege raseriet til dei germanske og skytiske stammane.»
Ein historisk epoke, romartida, var over. Og ein ny epoke, mellomalderen, var i gang.
Det ante nok den tids menneske ingenting om. Dei såg berre det som gjekk under, ikkje det som kom.
Mellomalderen vart oppfunnen eit tusenår seinare. Då hadde renessansen slått rot, med si dyrking av antikken, gammaltida, og dei italienske bystatane blomstra. Det var ei gyllen tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.