Økonomisk vokster – ein nykomar

Propaganda for økonomisk vokster i Kina.
Propaganda for økonomisk vokster i Kina.Propaganda for økonomisk vokster i Kina.
Publisert

Når legen vil vite korleis det står til, måler han temperaturen, feberen. Då veit han mykje, også kva som er i vente. Om temperaturen oppfører seg unormalt, går nedover eller oppover, kan pasienten vere i fare.

Om ein politikar eller økonom vil vite korleis det står til i riket, eller i grannelaget, ser han på den økonomiske voksteren, voksteren i BNP, bruttonasjonalproduktet. Går det bra med voksteren, om prosenttalet er høgt, er det gode tider i vente: låg arbeidsløyse, nedbetaling av statsgjeld, pengar både til det eine og det andre. Problemet er å passe på bremsepedalen: prisstigninga, kronekursen, bustadprisane, gjeldsauken i heimane. Seglasen må ikkje bli for skarp. Økonomisk politikk er aldri heilt enkel.

Men det er økonomisk godvêr, prosenttalet fortel det.

Prosenttalet, samfunnets termometer og barometer, historieskrivar og spåmann, er tynnkledd og sårbart.

Det er lett å tru at fokuseringa på den økonomiske voksteren er ein historisk normaltilstand, ettersom ho er så dominerande hos oss i dag.

Det er det ikkje. I historia er prosentsnakket om den økonomiske voksteren rykande nytt. Går vi eit lite steg tilbake i historia, finn vi ikkje noko vokstersnakk, av éin enkel grunn: Dei hadde ingen økonomisk vokster å snakke om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement