Økologisk yoghurt
Økologi som verkemiddel i intern konkurranse.
Gresk, tyrkisk, dansk eller norsk: Her er yoghurtmagikarane – bakteriane – sett gjennom eit mikroskop.
Foto: Josef Reischig / Wikipedia
«Vi skal bli best i Norge på økologisk mat.» Det var tonen i Rema 1000 då dei kjøpte gründerverksemda Kolonihagen i 2016. Verksemda byrja som ei lita, heiløkologisk abonnementsverksemd styrt frå eit kjøkken i Oslo, voks til restaurant på Frogner, eige bakeri og mikrobryggeri, før 82 prosent av verksemda altså vart seld til Ole Robert Reitan og kompani.
«Kolonihagen sier de vil forandre verden. Det vil vi gjerne være med på!», sa Reitan til Aftenposten i anledning oppkjøpet. I etterkant har Kolonihagen mellom anna utvikla ein eigen, heiløkologisk produktserie for Rema: kaffi, frosne rundstykke, mjøl, frosne bær, syltetøy – og yoghurt.
For så sterkt satsar visst Rema 1000 på økologi at dei for tida tilbyr ikkje berre éin, men to typar økologisk yoghurt naturell, begge med eksklusiv formidling – den eine altså under logoen til Kolonihagen, den andre produsert av Tine, med logoane både til samvirket og Rema 1000 på pakningen.
Kolonihagens yoghurt hevdar å vere «gresk-inspirert» og «syrnet med gresk yoghurtkultur». Inspirert av Hellas kan han gjerne vere, men det har ingenting med bakteriekulturen han er syrna på å gjere. Yoghurtkultur er nemleg per definisjon lik i heile verda – sett saman av dei termofile (varmekjære) bakteriane Lactobacillus bulgaricus og Streptococcus thermophilus. Skilnaden på «gresk» og «norsk» yoghurt er at gresk yoghurt er drenert etter syrning, slik at konsistensen vert tjukkare og noko tørrare.
Det er altså ingenting i vegen for å lage gresk yoghurt av Tine-yoghurt heime: Hell han over i eit kaffifilter og la han renne av nokre timar. Væska som vert til overs, kan du til dømes bruke i bakst.
Dei tre store
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.