Nytt frå Midtausten

Boris Gelfand (50) inkarnerer det beste frå den sovjetiske sjakkskulen.
Boris Gelfand (50) inkarnerer det beste frå den sovjetiske sjakkskulen.
Publisert

Alle skal kritisera Saudi-Arabia. Under verdsmeisterskapen i hurtig- og lynsjakk i 2017 fekk ikkje spelarane frå Israel visum av di arabarane hatar jødane. Men saudiarane hatar òg persarane, så iranske spelarar fekk heller ikkje innreise. Så på eit plan jamna det seg ut med ein hatsymmetri ein sjeldan har sett i sportsverda.

Problemet er likevel at Israel og Iran er to gigantar i sjakkverda, medan Saudi-Arabia ville ha tapt 0–10 mot regionen Vestland. Sjakken treng Israel og Iran uendeleg mykje meir enn pengane til saudiarane.

Iran – saman med India – er ei av to vogger i sjakkhistoria. Spelet blømde gjennom 1300 år, fram til den islamske revolusjonen i 1979. Etter forbodslina til Khomeini er sjakkstormakta no endeleg attende. Iran har juniorverdsmeisteren og fleire av dei største talenta både hos gutane og jentene.

Israel vart ei stormakt med oppløysinga av Sovjetunionen 1991. Heile landslaget er russisktalande. Den aller beste, den tapande VM-finalisten i 2012, Boris Gelfand (50), kom frå Kviterussland. Israel, med under ni millionar innbyggjarar, har 48 stormeistrar – tre gonger så mange som den unge sjakkgiganten Noreg.

Men kva skjer eigenleg når ein iranar møter ein israelar på brettet? Svaret er at det skjer ikkje. Det som ikkje skjer, fekk vi nyleg sjå i Stockholm. Iranske Aryan Gholami (17) nekta å spela mot jamgamle Ariel Erenberg. Det iranske talentet vart dømt til tap i partiet, men burde svenskane ha reagert kraftigare og ekskludert han frå turneringa? Den iranske tenåringen sa at han ikkje hadde noko personleg imot israelaren, men at han ville ha fått speleforbod i internasjonale turneringar av det iranske forbundet om han hadde møtt til partiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement