Nyhenda kjem igjen

I februar kjem det mange produktnyhende i matvare­butikkane, ifylgje Tine. Men kor nye er dei?

Kor mange syltetøytypar trengst for å skape mangfald?
Kor mange syltetøytypar trengst for å skape mangfald?
Publisert

«Februar er rett rundt hjørnet og det betyr mange produktnyheter i norske matvarebutikker», skreiv Tine på heimesida si 30. januar. Stolt presenterer dei sine eigne varer, og det har dei jo grunn til – mykje jobb ligg nok bak både utvikling og ikkje minst innsal av dei nye yoghurtane, den nye mjølka og dei nye smelteostane vi no kan velje mellom når vi skal handle daglegvarer.

Likevel er det grunn til å spørje: Kor nye er dei eigentleg? Kor mykje av nyhenda vi fleire gonger i året får presentert i kampanjar og butikkhyller, har noko reelt nytt ved seg, noko nyvinnande, noko som verkeleg aukar mangfaldet i butikkane, og kor mange er kverning av gamle sigrar?

Slike omkverningar kjenner vi alt frå til dømes filmbransjen: I staden for å lage ein ny superhelt publikum kan elske, men som òg kan floppe heilt, lèt filmskaparane to gamle superheltar med kvar sin trufaste fanklubb møtast, til dømes. Enkle pengar – og sjølvsagt kan det verte ein god film. Men nyskapande er han ikkje.

I daglegvarebransjen har slikt eit namn: Når pizzafabrikken på Stranda lanserer Grandiosa med ein ny topping eller ny tjukkleik på botnen, Nugatti kjem med ny mengd luft piska inn eller Stratos kjem i ny storleik, snakkar vi ikkje om eit nytt produkt, men ei relansering av eit eksisterande i ein ny variant. Truleg er kring ein tredjedel av alle dei nye daglegvareprodukta på marknaden slike relanseringar.

Kor mange av produkta på februarlista til Tine hamnar i denne kategorien? Det er freistande å seie alle.

Ny eller gamal smak

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement