JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Nye kostar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2362
20171215
2362
20171215

Dersom du gjev deg til å kosta oppkøyrsla med tannkost, går det vel like seint som lus på ein tjørekost. Men om kostebilen kjem, går det so det kost!

Kosting er med andre ord ei mangslungen verksemd der det gjeld å velja rett reiskap. Stråkosten og piassavakosten kan kanskje nyttast om einannan, men det er keitt å bruka skurekosten som barberkost og byta ut målarkosten med ein oppvaskkost. Skal tru korleis «ur-kosten» såg ut?

Det er likt til at han var laga av kvist og kvas: Arveordet kost kjem truleg av ei rot som tyder ‘kvister, lauvverk’. Det er mogleg at kvist og kvas høyrer til same ordfamilien. Kva med kvast? Etter alt å døma har kvast kome til oss frå dansk, som har lånt det frå tysk. Tysk Quast(e) tyder ‘dusk, pensel’, og i røynda er det same ord som kost, berre i ei anna form. Liknande former av ordet er nederlandsk kwast, svensk kvast og færøysk kvastur. I dansk og norsk er a-en vorten o, og v-en er borte. Rett nok valde Aasen skrivemåten kvost i landsmål (t.d. kvosteskaft), men han noterte at ordet oftast vart uttala kost.

Verbet kosta overlappar med ord som feia og børsta, og ofte er det eitt feitt kven av dei me brukar. Du kan «kosta støvet av noko» (jf. turka, blåsa, børsta støvet av), «kosta over nokon» (jf. feia over, ‘ha sex med’) og «kosta hesten» (børsta, strigla). Jamvel om det er mogleg å kosta seint og varsamt, plar me kosta med ei viss kraft og fart. Difor høver det godt å bruka kosta om ulike former for jaging, skyssing og fyking. Prøysen skriv om å «koste unga uti kjøkkenet», og me kan fint «kosta av garde» – susa av garde – utan kost. Mindre tilrådeleg er det å «kosta til» (banka) nokon. I Norsk Ordbok finn me attpåtil ordet kostefei, som rimeleg nok tyder ‘oppstyr, leven’.

Mest fart i sakene vert det når reiskapen er ny. Eller som ordtaket seier: «Nye kostar feiar best.» Det er helst nytilsette eller nyvalde (og ofte unge) personar som har gleda av å verta samanlikna med ein kost. Dei kastar seg over arbeidet og blygjest ikkje for å bryta med hevdvunnen praksis. Om verksemda di har køyrt seg fast i gamle mønster, kan du gå ut og kunngjera at det trengst nye kostar. Då kan det henda at framfuse stortalent kjem feiande i flokk og fylgje og kostar ut både deg og kollegaene og heile kostebinderiet.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar. E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis