Nye historieforteljarar
Nærbilete av Jupiter, med fotografen Juno teikna inn i forgrunnen.
Illustrasjon: NASA/JPL-Caltech
Universet var lenge fjernt og mysteriøst. Det einaste hjelpemiddelet som fanst for å forstå og forklare, var lenge fantasien. Og fantasien gjorde så godt han kunne. Sola, som heldt liv i det heile, fekk nesten overalt gudestatus i si daglege ferd. Antikken fylte stjernehimmelen med gudane sine, greske og romerske. På våre kantar fekk månen, denne steindaude og kalde drabanten til sola, ansvar for kjærleik og romantikk. Han var stort sett ute om natta, og hadde vel sett litt av kvart.
Babylonarane og egyptarane arbeidde systematisk med stjernehimmelen. Grekarane førte arbeidet vidare ved å finne ei ordning for dei uryddige vandrestjernene, planetane som dei kalla dei. Desse planetane rørte seg annleis på himmelen enn andre stjerner, og dei hadde vore eit problem for astronomane. No var løypa deira skildra og avslørt.
Kopernikus gjorde det heile meir oversikteleg då han sette sola i sentrum. Planetbanane vart svært mykje enklare.
Så kom Newton med gravitasjonslovene sine. Gravitasjonen, denne merkelege tiltrekkingskrafta som lekamar har, var trafikkonstabelen i universet. Han såg til at stjernene var på plassen sin og følgde dei oppsette rutene, slik at ikkje alt vart berre kaos.
Neste sprang var å få lyset til å fortelje om det universet det kom frå. Ved å analysere lyset frå ei stjerne kan ein i dag fastslå mykje om tilstanden på stjerna, kva slag grunnstoff som er der, og kvar stjerna er på veg.
Kopernikus var forenklaren. Gravitasjonen var trafikkordnaren, og lyset vart forteljaren.
Men ingen hadde vore der ute. Stjernene var framleis fjerne og utilgjengelege, med eigne løyndomar.
No har vi vore der ute, rett nok berre på månen. Der la vi att nokre reflektorar. No sender eit teleskop i New Mexico laserpulsar mot desse reflektorane, som sender ein del av impulsane, såkalla fotonar, tilbake. No kjenner vi den nøyaktige farten på desse impulsane, og vår tids atomklokker måler tida ufatteleg nøye. Feilmarginen er eitt sekund på ein million år. Og konklusjonen er at månen fjernar seg frå oss, med 3,78 cm i året.
Månen og jorda har levd nært saman som eit gammalt ektepar, heilt sidan månen vart til for lenge sidan ved ein kollisjon mellom jorda, som var ein død steinklump, og ein annan planet, ein såkalla protoplanet. Dei to har sidan halde auge med kvarandre. Månen ordnar med flo og fjøre, og ved gravitasjonen påverkar han jordrotasjonen. Når avstanden aukar, roterer jorda seinare.
No aukar avstanden med nesten 4 cm i året. Og det har halde på lenge. Så har dei lagt til andre observasjonar og konkludert med at jorda roterte fortare før. For 400 millionar år sidan var eitt døgn 22 timar, og året hadde 400 dagar. Endå lenger tilbake var døgnet nede i fem timar langt.
Eit korallrev i Sargassohavet fortel same historia. Det fortel, i skalla sine, om dag og natt og årstidene bakover i historia, slik årringar i tre reknar åra og fortel om dei hos oss. For 400 millionar år sidan hadde året 400 dagar, fortel korallrevet og er samd med månen.
Dette er det dei nye forteljarane fortel oss, fordi vitskapen har utvikla teknikkar som gjer at vi kan forstå kva dei fortel.
Dei har endra kunnskapen vår om det lange samlivet mellom månen og jorda, eit samliv som framleis varer ved. Dei har forlenga historia, langt bakover i tid.
Så har vi sendt små folketomme romskip – såkalla sonder – ut i rommet, der dei ser seg om. Og dei fortel. Sonden Mars Express fortel at det var ein storflaum på Mars for fire millionar år sidan. Vi blir gjort kjende med ein lokal kosmisk naturkatastrofe som vi ikkje kjende til. Og Mars, denne nære grannen vår, har fått mykje juling gjennom historia. Han vart, for 4,5 milliardar år sidan, råka av ein asteroide med ein diameter på mellom 1100 og 2300 kilometer. Sonden ser spora og fortel.
Titan er ein måne ved Saturn. Han er like stor som Mars og velskikka til landingsplass for eit romfartøy som skal sjå seg om. Men å lande der kan vere vanskeleg om det er sterke stormar der, som det gjerne er i rommet. Sonden Cassini har granska saka, med radar. Bølgjene på metansjøane på Titan er berre ein centimeter høge, og bølgjelengda er 20 centimeter. Titan er trygg. Det blæs ikkje der. Romfartøyet kan trygt lande.
Og no får Jupiter vitjing av sonden Juno, oppkalla etter kona hans. No skal dei saman fortelje korleis Jupiter har det, og kva han driv med. Dei første bileta er komne.
Det er bladet Astronomi som fortel om sondene, desse romturistane.
Desse nye forteljarane har utvida historia, i tid og rom.
Og vår eiga verdshistorie blir meir lokal enn nokon gong.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.