Frå sjakkverda

Null i rating

Sondre i junior A (til venstre) mot Even i junior B.
Sondre i junior A (til venstre) mot Even i junior B.
Publisert

Då eg var mest oppteken av rating og slikt, på 1980-talet, var «null i rating» eit sikkert teikn på at spelestyrken var så låg at vidare kommunikasjon var fåfengd (ein snakka jo helst berre om sjakk på den tida).

Ein aktiv klubbspelar kan ikkje ha null i rating. Å spela sjakk eller badminton på hytta gjev null i rating. Men til skilnad frå badminton kan ein no spela sjakk på mobilen, slik ein halv million nordmenn gjer. 99 prosent av dei har null i Fide-rating, men eg vil tru at nokre tusen held eit ok klubbnivå. I prinsippet kan ein spelar utan rating vera alt frå uendeleg veik til uendeleg god…

I landsturneringa kvar sumar finst ein eigen klasse for spelarar med null i rating – klasse 5. Så skjedde i år at to blad Jahr kom til Kongsvinger med null i rating og kasta seg rett ut til ulvane. Ernst Håkon Jahr (74) var den einaste utan rating i seniorklassen, +65 år. Det gjekk heilt fint, med 5 av 9 poeng, men så var han i ungdomen ein god juniorspelar og medlem i Asker Schakklubb nokre år frå 1961.

Meir skremmande var det for barnebarnet Even Jahr (17), som melde seg på i junior B som den einaste av dei 386 sjakkspelarane på Kongsvinger. Andre juniorar med låg rating spela i vaksenklassane 5 og 4. Men Even, råka av sosial hybris, ville møta norsk ungdom i si fyrste fysiske sjakkturnering med klokke og notasjon. For som einaste deltakar i junior B måtte han spela saman med junior A, der nivået er skyhøgt.

Eg hugsar eit liknande døme for nokre år sidan, då den einaste B-guten spela med A-klassen. B-spelaren fekk 0 av 9 poeng – men vart kor som er B-noregsmeister. Det var tøft å sjå han ta imot den store pokalen på premieutdelinga.

Skulle Even òg få null poeng? Nei, ingen fare. Etter 8 rundar hadde han 2,5 poeng. Den suverene A-vinnaren var alt klar: Sondre Lillestøl Melaa (19, rating 2230) frå Oslo Schakselskap, med 7,5 av 8 poeng. Som juniornoregsmeister er Sondre kvalifisert for eliteklassen neste år, der han møter læremeisteren sin, Simen Agdestein.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement