Norsk har vorte kult

Det var nett ein serie som Skam som skulle til for at norsk språk skulle bryta gjennom den nordiske lydmuren, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Det norske ungdomsspråket vekkjer åtgaum i grannelanda. Skjermdump: NRK P3
Det norske ungdomsspråket vekkjer åtgaum i grannelanda. Skjermdump: NRK P3
Publisert Sist oppdatert

Den norske ungdomsserien Skam har vorte svært populær i Danmark, og til dels i Finland, Sverige og på Island òg. 281.000 danskar har sett serien i haust, skal ein tru tala til NRK, og danske kritikarar hevdar at Noreg og norsk språk no har vorte «kult» i danske augo.

– Kva er det med Skam som gjer at norsk språk brått har vorte så interessant for dei skandinaviske grannane våre?

– Skam er ein nyskapande og god serie. Det at programmet er så knakande godt, får den sideverknaden at det trekkjer merksemda til det norske språket, og det er svært morosamt. Me har litt dårleg språkleg sjølvtillit her i landet, og det er det ingen grunn til at me skal ha.

– Kven skjønar norsk best av danskane og svenskane?

– Det finst ulike studiar av det, men me trur jo at både svenskar og danskar har alle høve til å skjøna norsk på same vis som at me som bur i Noreg, godt kan skjøna dansk og svensk. Målet med arbeidet me gjer med den nordiske språkforståinga, er å få mest mogeleg språkutveksling, slik at me kan halda ved like den nordiske kulturfellesskapen.

– I Skam nyttar jo figurane i serien eit litt utradisjonelt språk, for å seia det mildt. Kva tenkjer du som direktør i Språkrådet om det?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement