Norsk Barneblad
Norsk Barneblad var skeptisk til vinterleikane i USA i 1932, med fellesstart på alle skeiseløp.
Skolebiblioteket heime var i eit skåp bak i klasserommet. Der var det mange gode bøker, klassikarar som Charles Dickens, James Fenimore Cooper, Mikkjel Fønhus og Helge Ingstad.
Og innbundne årgangar av Norsk Barneblad, store og tunge bøker. Eg trur eg var gjennom dei alle.
Eg var sportsinteressert, og Norsk Barneblad skreiv om sport, det vil seie om dei olympiske vinterleikane. Redaksjonen har nok meint at det var mindre å fortelje frå sommarleikane.
Som barn sat eg på Finnøy og las om gamle idrettsheltar.
Dei første vinterleikane var i Chamonix i 1924. Dei norske triumfane, ved Thorleif Haug, Johan Grøttumsbråten, Sigmund Ruud og Jacob «Tulla» Thams, fekk god dekning i bladet.
Dekninga av leikane i St. Moritz i 1928 kom mykje til å handle om ei 16-årig jente frå Oslo, Sonja Henie, som tok den første av mange medaljar der. Og Ole Reistad leidde det norske laget til siger i patruljeløpet, med langrenn og skyting.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.