Nokre slengjararI mange tilfelle er det betre å kasta slengkyss enn å slengja drit, men det finst folk som likar å få slengjeord (krenkjande ord) slengt etter seg. Dersom nokon slengjer med kjeften når de talar saman på telefonen, kan du alltids slengja på

Publisert

I mange tilfelle er det betre å kasta slengkyss enn å slengja drit, men det finst folk som likar å få slengjeord (krenkjande ord) slengt etter seg. Dersom nokon slengjer med kjeften når de talar saman på telefonen, kan du alltids slengja på røyret og vona at pratmakaren ikkje sleng innom og tyt vidare heime hjå deg. Løysinga er kanskje å ha ein giftig slange som ligg og sleng ved inngangspartiet?

Både slange og sleng(j)a kan koplast til ei indoeuropeisk rot som tyder ‘dreia, snu, krypa’. Historia til sleng-verba våre er likevel noko uklår. Kan henda er det tale om eit blanda opphav, der utgangspunktet har vore norrøne former som slyngja og sløngva, som dinest har vorte påverka av lågtyske former som slengen. No har me i alle fall to ord med ulik bøying og ulik tyding: det sterke verbet slenga (‘dingla, svinga att og fram; driva dank’, t.d. «det heng og sleng», «dei gjekk og slong etter vegen») og det linne verbet slengja/slenga (‘hiva, kasta, senda; tala vyrdlaust’, t.d. «ho slengde av seg jakka», «dei slengde seg over gjerdet»).

Sleng har elles den eigenskapen at det rimar på spreng. Det har ordtakmakarane sett pris på: «D’er betre buk sprengja enn god mat slengja.» «D’er stundom slengen og stundom sprengen.» Det siste tyder at det stundom er for lite arbeid og stundom for mykje. Slengjarbrok er eit anna ord for fritidsbukse, og ein slengjedag er ein dag med lite eller inkje arbeid: Du går og sleng. Dagdrivarar og lathansar vert nokre stader omtala som slengjefisk. Slike folk vil mykje heller slengja seg nedpå enn å ta i eit tak. Me talar sjeldan om å slengja seg hen, men på sidemålet hender det at nokon «ligger henslengt».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement