Noko å veksa i

Publisert Sist oppdatert

«Der ein pløgjer grunnt, vil det veksa tunnt», seier eit gamalt ordtak. Både nyttevokstrar, prydvokstrar og den oppveksande slekta treng gode vokstervilkår, men dei gode vilkåra er ikkje dei same for alle: Me veks og trivst på ulike stader. Dessutan er voksteren vår ulik. Me kan vera storvaksne eller småvaksne, grannvaksne eller breivaksne, høgvaksne eller lågvaksne, snarvaksne eller seinvaksne. Nokre er jamvel veslevaksne.

Veksa (norr. vaxa) er eit nedervt, sterkt verb (veks – voks/vaks – vakse) med former som svensk växa, engelsk wax og tysk wachsen. I målføra ter verbet seg i litt ulike former, til dømes vaksa eller våksa i infinitiv, vuks eller vekste i preteritum og vøksi, voksi, veksi, vuksi, vyksy og viksi i supinum (jf. Norsk Ordbok). Bokmål vokse har linn bøying (vokser – vokste – vokst), slik det òg har i dansk. Det ser ikkje ut til at voks (‘feittliknande stoff’) og voksa (‘setja inn med voks’) har noko med veksa og det nærskylde substantivet vokster å gjera, endå orda er svært like på yta.

Me kan bruka veksa om alt som vert større, anten det aukar i lengd, vidd, høgd, mengd eller styrke: «Ho har vakse ti centimeter.» «Medlemstalet veks jamt.» «Elva veks.» «Månen veks.» «Motviljen er veksande.» I norrønt fanst seiemåten «eitthvert vex einhverjum í augu» (eig. ‘noko veks ein i augo’), som tyder at noko tykkjest vera for stort for ein, so ein vert uroleg eller redd. Jamvel vaksenfolk kan verta redde av å gå åleine i store, tettvaksne skogar, men ripsbuskar og andre buskvokstrar er som regel greie å ha med å gjera.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement