JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Noko å veksa i

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2362
20190315
2362
20190315

«Der ein pløgjer grunnt, vil det veksa tunnt», seier eit gamalt ordtak. Både nyttevokstrar, prydvokstrar og den oppveksande slekta treng gode vokstervilkår, men dei gode vilkåra er ikkje dei same for alle: Me veks og trivst på ulike stader. Dessutan er voksteren vår ulik. Me kan vera storvaksne eller småvaksne, grannvaksne eller breivaksne, høgvaksne eller lågvaksne, snarvaksne eller seinvaksne. Nokre er jamvel veslevaksne.

Veksa (norr. vaxa) er eit nedervt, sterkt verb (veks – voks/vaks – vakse) med former som svensk växa, engelsk wax og tysk wachsen. I målføra ter verbet seg i litt ulike former, til dømes vaksa eller våksa i infinitiv, vuks eller vekste i preteritum og vøksi, voksi, veksi, vuksi, vyksy og viksi i supinum (jf. Norsk Ordbok). Bokmål vokse har linn bøying (vokser – vokste – vokst), slik det òg har i dansk. Det ser ikkje ut til at voks (‘feittliknande stoff’) og voksa (‘setja inn med voks’) har noko med veksa og det nærskylde substantivet vokster å gjera, endå orda er svært like på yta.

Me kan bruka veksa om alt som vert større, anten det aukar i lengd, vidd, høgd, mengd eller styrke: «Ho har vakse ti centimeter.» «Medlemstalet veks jamt.» «Elva veks.» «Månen veks.» «Motviljen er veksande.» I norrønt fanst seiemåten «eitthvert vex einhverjum í augu» (eig. ‘noko veks ein i augo’), som tyder at noko tykkjest vera for stort for ein, so ein vert uroleg eller redd. Jamvel vaksenfolk kan verta redde av å gå åleine i store, tettvaksne skogar, men ripsbuskar og andre buskvokstrar er som regel greie å ha med å gjera.

I fyrste livsbolken plar høgda vår auka temmeleg mykje, difor talar me om oppvokster og det å veksa opp. Nokre er plaga av veksesmerter medan det står på, men det veks dei av seg, so å seia. Når me endeleg har vakse frå oss, er me utvaksne, framvaksne, fullvaksne eller berre vaksne. Då kan me til dømes ha vaksentid. Norsk Ordbok fortel at vaksentid kan tyda ‘tid då ein er vaksen’, ‘tid som vaksen person har for seg sjølv’ og ‘tid (som barn har) saman med vaksen person’. Det er elles ei kjend sak at me ofte veks or kleda i oppvoksteren, difor er det fint å ha klede med vokstermon: «Maal som er afpasset for paafølgende Væxt» (Aasen). Me kan veksa med oppgåva, men det er sjeldan kleda veks med beraren.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Maskinist Ivar Tjøstheim med den flunkande nye bygdekinobilen og Sandvesanden på Skudenes i bakgrunnen.

Foto Brit Aksnes

Feature

Bygde-Cinema Paradiso

STRANDEBARM: Det rører meg djupt at Bygdekinoen framleis eksisterer.

Brit Aksnes

Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.

Foto: Nina Djæff

BokMeldingar
Ronny Spaans

Eit sandkorn i maskineriet

Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.

Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Husforsikring i hardt vêr

Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?

Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
PerVaglum

Vestre må avslutte konflikter og beklage

«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»

Ekstreme nedbørsmengder førte til ein katastrofe i Valencia i Spania 29. oktober. Minst 217 skal ha mista livet, og dei materielle øydeleggingane er kolossale.

Foto: Susana Vera / Reuters / NTB

Samfunn

Prisen for det ville vêret

I forsikringsbransjen er det langt mellom klimaskeptikarane.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis