Frå sjakkverda

Ni gull i lyn

Abdusattorov går i fella til Carlsen i finalepartiet i VM i lynsjakk.
Publisert Sist oppdatert

Den nest beste spelaren dei siste ti åra, Fabiano Caruana (33), har null VM-gull. Magnus Carlsen (35) har tjue totalt, ni i lyn. Carlsen har vunne sju av dei åtte siste VM-titlane i lyn­sjakk. Fem gonger har han vunne dobbelt: både snøggsjakk og lynsjakk. Det skulle ikkje vera matematisk mogleg om dei andre toppspelarane hadde nokre prosent sjanse kvar for gull på ein god dag.

Sjakk er eit objektivt spel med små marginar der remis er det naturlege resultatet på toppnivå, så for å vinna år etter år er det ikkje nok å spela statistisk sett litt betre enn dei andre. Carlsen må òg vera den beste sportsmannen, han som vil vinna alt.

I lynsjakk-VM i Doha var det berre Carlsen som kunne øydeleggja for seg sjølv. Og det gjorde han. To gonger tapte han remisslutt­spel av di han velta brikkene. Han hadde ikkje nok tid til å retta opp stillinga, og fekk to tidstap. Mot Caruana var han sjakkblind og bytte om rekkjefølgja på to trekk. Nok eit tap. Etter 14 rundar låg Carlsen på 23. plass.

Men så var det sportsmannen. Og med eitt skrudde han opp nivået eit par hakk og byrja vinna tekniske sluttspel, der Carlsen skjønar på to sekund det resten av verdseliten skjønar på to minutt. Slik vann han fire parti på rad og tok seg vidare frå gruppespelet. I semifinalen var Carlsen overlegen mot Caruana både i sluttspel (parti 3) og midtspel (parti 4).

Finalen mot Nodirbek Abdusattorov (21) vart spanande. Stillinga var 1,5–1,5 etter tre parti, og usbekaren hadde initiativet i fjerde parti. Med få sekund att på klokka la Carlsen ei snedig felle som gav siger. For ein dramaturgi! Carlsen kan rota det til undervegs, men som regel går det vegen til slutt.

Har nokon andre nordmenn dominert ein sport på same vis som Carlsen? Internasjonale sjakkmedium diskuterer no om det finst andre sportar med ein så suveren einar som Carlsen har vore dei siste 15 åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement