Nokre har drive med neveslåsting sidan dei var ein neve stor. Andre nøyer seg med å knyta neven i bukselomma eller nevedaska bordet, veggene eller noko anna livlaust. Å slåst på turre nevane er kan henda betre enn å slåst med våpen, men det siste er nok makelegast, jamfør ordtaket «Den som har kjepp, han slepp å slå med neven».
Som regel brukar me nevane til noko anna enn utdeling av neveslag, nevehogg, nevedrag og andre leie saker. Neve (norr. hnefi) tyder som kjent ‘hand’, og på same måten som me kan handtakast, handtakka (jf. «takka i handa») og handhelsa, kan me nevetakast, nevetakka («takka i neven»), nevehelsa eller berre nevast (t.d. «nevast med gjestene»). Handklåe og neveklåe er det same (‘klåe i hendene; hug til å ta på alt; person som må ta på alt’), og ei handfull svarar til ein nevefull. Men i nokre tilfelle vert hand og neve tolka og nytta ulikt. Me kan seia «ein neve salt», men kva med «ei hand salt»? Nokre brukar neve fyrst og fremst om store, sterke og grove hender, medan småe og finslege hender er just det: hender. Truleg finst det òg folk som jamt brukar neve når dei talar, men som held seg til hand når dei skriv.
Ordbøkene gjev ikkje noko fullvisst svar på kvar neve kjem ifrå. Nokre meiner at det kan vera i ætt med nappa eller knipa. I dag finn me i alle fall ordet i alle dei nordiske måla (jf. sv. näve, da. næve, isl, hnefi, fær. nevi), og frå mellomhøgtysk kjenner me ordet nevemez (‘nevemål, handfull’). Verba neva og nevla og substantivet neving (‘handfaring; handhelsing’) høyrer i hop med neve. Både neva og nevla kan visa til det å ta på eller fingra med noko, og me kan bruka båe om å grava til seg eitkvart: «Dei nev(l)a åt seg pengane.» I Norsk Ordbok finn me elles vendingar som «neva opp» (‘ausa opp’), «neva med seg» (‘raska med seg’) og «neva i seg» (‘stappa i seg’).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.