Naturvernet dukkar opp
Gaupe på Langedrag.
Foto: Heiko Junge
Mennesket ser ut til å vere den siste skapningen som dukka opp her på jorda. Om det ser både Moses og Darwin ut til å vere samde. Men så er det heller ingen skapning som har sett så djupe spor etter seg. Menneska har fylt opp jorda, som dei fekk pålegg om i moseboka. No er det milliardar av oss. Byane breier seg, naturen er endra.
Mennesket kunne ta for seg i naturen, og gjorde det. Naturen var mektig, og kunne stå imot. Naturen greidde seg.
Den teknologiske utviklinga gjorde at mennesket på felt etter felt fekk overtaket på naturen. Og nye tankar dukka opp. Med makt og overtak følgde ansvar. Naturvernet melde seg.
Rundt førre hundreårsskiftet var kraftutbygginga i Noreg i gang. Og konfliktane kom, mellom natur og teknikk. Dei kom til å prege hundreåret som kom, med Mardøla og Altavassdraget som dramatiske toppunkt.
Lenge før det hadde omsorga for dei ville dyra dukka opp. Elg og hjort vart freda det meste av året alt på 1500-talet. Eit par hundreår seinare kom også villreinen med i denne fredinga. Hare og fugl kom etter, seinare også freding for egg og dunvær. Beveren var ettertrakta til pels, medisin og mat, og midt på 1800-talet vart det slått alarm. Zoologiprofessor Robert Collett, son til Camilla, slo i 1897 fast at det no berre var 60–120 beverar att i landet, i fleire europeiske land var han alt utrydda. I 1899 vart han freda, saman med svaner, rapphøns og rådyr. Norsk idéhistorie, band IV, fortel denne historia.
Med rovdyra var det annleis. Dei hadde levd eit frodig liv i folkeeventyra. Bjørnen var dum og godsleg, reven var falsk og lur, ulven var rå og farleg. Gaupa og jerven fekk ikkje vere med i eventyrforteljingane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.