Når vantrua blir farleg

Karikaturteikning frå Mississippi-bobla.
Karikaturteikning frå Mississippi-bobla.
Publisert

Truande er folk som trur på ulike guddommar, som regelbunde vitjar gudshus av ulikt slag, og som har religiøse ritual som fast innslag i livet sitt. Av truande finst det mange slag, verda over.

Så er det vi andre, som lar den nøkterne tanke regjere livet, og som har lagt den sterke og livsformande trua bak oss, som tilhøyrande ei anna tid. Trua var ein nødvendig hjelpesvein før kunnskapen tok over og gav oss eit fastare grunnlag å byggje tankar og liv på.

Fienden til trua er vantrua. Ho er ein gnagar som gjennom historia har øydelagt mange store tankebygningar. Og ho er framleis aktiv. Når ho set i gang og får herje fritt, kan ho framleis rasere store byggverk. Og når raseringa er utført, oppdagar vi at dette store byggverket bygde på tru, denne berebjelken i mange byggverk som vi trudde historia for lenge sidan har parkert og lagt bak seg. Vantrua avslørte at trua levde i beste velgåande, til dess vantrua tok livet av henne, som så mange gonger før.

Finanskriser er noko relativt nytt i historia. For å melde seg og leve krev dei eit stort og organisert system for å handtere ulike verdipapir, som pengesetlar, lånepapir, aksjar og meir til. Finanssystemet vårt, med bankar, børsar og fantasifulle verdipapir, tilhøyrer moderne historie. Og det er stort og omfattande.

Alle desse papira har éin ting felles: Dei er så mykje verde som folk trur at dei er verde. Om trua må vike for vantrua, bryt systemet saman. Trua er framleis berebjelken. Og vantrua er framleis livsfarleg.

Ei finanskrise vart utløyst av at amerikanske bankar gav bøttevis av dårlege lån til dårlege betalarar. Desse låna selde bankane då i marknaden, som verdipapir, til andre finansføretak, også til nokre norske kommunar. Handelen gjekk strålande. Bankane tente pengar, og direktørane fekk eventyrløner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement