Når tinga fortel

La Sainte Chapelle i Paris.
La Sainte Chapelle i Paris.La Sainte Chapelle i Paris.
Publisert

Vi er eit av dei rikaste samfunna verda har sett. Vi vassar i ting overalt. Vi kastar og kjøper nytt, og søppelberga veks.

Men så er det ting vi tek vare på, gamle ting. Dei har følgt slekta bakover så langt vi kjenner henne: eit bilete, ein duk, ein stol, ein vase, kanskje ein smørambar. Dei fortel kvar vi kjem frå, og kven vi er.

I storsamfunnet har vi organisert dette i musea våre, lokalt og sentralt. Mengder av ting ligg og fortel og fortel og fortel, om oss og fedrane våre, om liv, tru og tanke.

Gjennom tidene har tinga alltid fortalt historie. Og den viktigaste historia held seg med dei dyraste tinga.

I kristendommens Europa var evangelia, Jesu vandring på jorda, sentrale og levande historieforteljingar. Ting som kunne illustrere denne historia, gav liv til tru og mat til tanke.

Trefliser frå Kristi kors vart ein stor handelsartikkel. Det er sagt at det vart selt nok fliser frå krossen på Golgata til å byggje ein by. Det er kanskje ikkje heilt sant, men ikkje heilt løgn heller.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement