Når tida blir lang

Ein meteoritt laga dette krateret i Carangas i Peru i september i år. Innbyggjarne fekkvondt i hovudet, vart kvalme og fekk pusteproblem.
Ein meteoritt laga dette krateret i Carangas i Peru i september i år. Innbyggjarne fekkvondt i hovudet, vart kvalme og fekk pusteproblem.
Publisert Sist oppdatert

I kosmisk samanheng er mennesket ein bagatell, ein smittsam mikrobe som ingen har funne medisin mot. Som ein uimotståeleg plantesjukdom har vi spreidd oss over jorda og fortrengt det meste av andre livsformer, andre plantar og dyr. I seinare tid har vi byrja å setje opp lister over medskapnader som står framfor den endelege undergangen vi har lagt til rette for dei, såkalla raudlister. På desse listene står fuglar, dyr og plantar som er truga og i ferd med å forsvinne, oppførte.

Det er godt gjort av ein nykomar å setje slike merke etter seg, å stemple miljøet slik vi har gjort, å skape historie slik vi har gjort. For her dukka vi seint opp.

Geologane meiner at vi kom på bana for 1–3 millionar år sidan. Då hadde algar og trilobittar vore her i omkring 600 millionar år. Insekta kom for 400 millionar år sidan, krypdyra godt hundre millionar år seinare. For 65 millionar år sidan byrja plantelivet på jorda å likne på det vi har rundt oss.

Då vi så kom, byrja vi å fortelje historie, om kva som hadde hendt oss og ætta vår, om gudar og skaparverk, om då alt starta og vart til. Historia handla om oss, nykomarane. Det byrja med oss.

I denne korte tida vår, nokre få millionar år, har nok jorda sett på oss og historieskapinga og historieskrivinga vår med ei viss undring. Tunglasta med historie har ho halde auge med oss, desse forjaga maurane som fartar rundt på overflata hennar og strevar og slit. Men ho har ingenting sagt og ingenting fortalt. Si eiga historie har ho halde for seg sjølv.

Først i siste hundreåra har ho byrja å fortelje. Geologar, paleontologar og andre har lirka forteljingane ut av henne. Utdøydde dyr, fossil, har fortalt si historie. Då viser det seg at dei få millionar åra våre, med opplevd og nedskriven dramatikk, er ein fredeleg og idyllisk hage, zoologisk og botanisk, der vi nykomarane har forsynt oss og levd eit sorglaust liv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement