JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Når tida blir lang

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein meteoritt laga dette krateret i Carangas i Peru i september i år. Innbyggjarne fekk
vondt i hovudet, vart kvalme og fekk pusteproblem.

Ein meteoritt laga dette krateret i Carangas i Peru i september i år. Innbyggjarne fekk vondt i hovudet, vart kvalme og fekk pusteproblem.

Foto: TT / NTB scanpix

4356
20171222
4356
20171222

I kosmisk samanheng er mennesket ein bagatell, ein smittsam mikrobe som ingen har funne medisin mot. Som ein uimotståeleg plantesjukdom har vi spreidd oss over jorda og fortrengt det meste av andre livsformer, andre plantar og dyr. I seinare tid har vi byrja å setje opp lister over medskapnader som står framfor den endelege undergangen vi har lagt til rette for dei, såkalla raudlister. På desse listene står fuglar, dyr og plantar som er truga og i ferd med å forsvinne, oppførte.

Det er godt gjort av ein nykomar å setje slike merke etter seg, å stemple miljøet slik vi har gjort, å skape historie slik vi har gjort. For her dukka vi seint opp.

Geologane meiner at vi kom på bana for 1–3 millionar år sidan. Då hadde algar og trilobittar vore her i omkring 600 millionar år. Insekta kom for 400 millionar år sidan, krypdyra godt hundre millionar år seinare. For 65 millionar år sidan byrja plantelivet på jorda å likne på det vi har rundt oss.

Då vi så kom, byrja vi å fortelje historie, om kva som hadde hendt oss og ætta vår, om gudar og skaparverk, om då alt starta og vart til. Historia handla om oss, nykomarane. Det byrja med oss.

I denne korte tida vår, nokre få millionar år, har nok jorda sett på oss og historieskapinga og historieskrivinga vår med ei viss undring. Tunglasta med historie har ho halde auge med oss, desse forjaga maurane som fartar rundt på overflata hennar og strevar og slit. Men ho har ingenting sagt og ingenting fortalt. Si eiga historie har ho halde for seg sjølv.

Først i siste hundreåra har ho byrja å fortelje. Geologar, paleontologar og andre har lirka forteljingane ut av henne. Utdøydde dyr, fossil, har fortalt si historie. Då viser det seg at dei få millionar åra våre, med opplevd og nedskriven dramatikk, er ein fredeleg og idyllisk hage, zoologisk og botanisk, der vi nykomarane har forsynt oss og levd eit sorglaust liv.

Dramatikken var før oss. For 250 millionar år sidan, ved slutten av den perioden geologane kallar perm, var det eit enormt vulkanutbrot i Sibir. Jorda tømde seg. Lavalaget var opptil 300 meter tjukt. Enorme gassmengder kom ut i atmosfæren. Denne gassen, mykje CO2, drap det meste av liv. Støvet skygga for sola. Jorda vart øyde og tom, som det står i Skrifta. Nedfallet frå dette utbrotet har skapt sitt eige geologiske lag. Geologane har oppdaga at i dei geologiske laga som er eldre enn dette vulkannedfallet, er det mange fossil, vitne om liv som eingong var. I dei yngre laga er det lite spor av levd liv. Dei fleste dyra og andre levande var døde.

Nokre millionar år seinare, for 66 millionar år sidan, slo ein meteoritt inn i jorda på Yucatán i dagens Mexico. Han vog fleire milliardar tonn og hadde ein fart på 80.000 kilometer i timen. Krateret, som vi framleis kan sjå, er to mil breitt. Energien som vart utløyst tilsvarar 100 millionar atombomber av Hiroshima-format.

Effekten var katastrofal. På den tida fanst det eit variert dyreliv, flygeøgler, rovdyr i havet, landdyr. Halvparten av alle arter døydde, steikte og oppbrende på ein time. Sola vart langt på veg borte bak støv, røyk og skyer. Ein tsunami skapte ei hundre meter høg bølgje som rasa innover land og gjorde om på geologien. Store steinmengder vart flytta. Nedbøren vart svovelhaldig og sur. Varmen skapte det geologane kallar sjokkskadd kvarts.

Det var snakk om ein global økokatastrofe. To funn leidde geologane på sporet av det som hadde hendt. Det fanst eit metall som heiter iridium i området – eit metall som berre finst i himmelrommet, og som må ha kome derifrå, med ein himmellekam. Det fanst også eit stoff som heiter zirkon. Det hadde kjend halveringstid, slik at hendingane kunne daterast.

Seinare har geologane avdekt minst tre liknande dramatiske hendingar på jorda, millionvis av år før vi dukka opp. Enorme vulkanar skapte til dømes Atlanterhavet på dramatisk vis. Det var universet, i si makt og sitt velde, som heilt på eiga hand bestemte at tida for dinosaurane no var ute og sende ein stor meteoritt til Yucatán. Og det vart synd om dinosaurane. Jorda og livet der vart endra.

Dramatikken i vår historiske tid, i våre få år, har vore laber og stillferdig i samanlikning. Framtida kjenner vi ikkje. Heller ikkje kva universet måtte tenkje om oss nykomarane. Om det i det heile tenkjer på oss. Meteorar er i alle fall universet godt forsynt med. Framleis.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis