Når staten kjem etterpå
Portrett av ein representant for British East India Company frå om lag 1760.
Foto: Wikipedia
Staten er ein institusjon som har monopol på fysisk maktbruk innanfor eit avgrensa område. Han har som institusjon hatt eit turbulent liv i historia. Staten lever eit utrygt liv.
I førre hundreåret såg vi tallause statar som braut saman og vart borte, som den austerrikske, den jugoslaviske, den tsjekkoslovakiske, den sovjetiske, den ottomanske og endå var det visst fleire. Går vi lenger tilbake, er den historiske skraphaugen full av fallerte statar. Romarriket var den dominerande staten i si tid. Så var det over.
Eit problem for staten er at han skal gripe over så mykje. I nokre statar bur det mange ulike folkegrupper, etnisitetar. Dei kan sprenge staten, som i Jugoslavia, i Tsjekkoslovakia og i Sovjetunionen.
Så er det gjerne andre maktsentrum i staten. Og alternative maktsentrum kan vere problematiske for statsmakta. Mafiaen på Sicilia er eit døme, etablerte gangsterområde i storbyar eit anna.
Og så er det maktsentruma i business og finans. I alle etablerte moderne statar er det eit spenningsforhold mellom næringsliv og stat. Staten krev skatteinntekter, innsyn og kontroll. Næringslivet krev fridom.
Når næringslivet får stor makt og fridom, kan staten kome i vanskar, som vi såg då finanskrisa råka USA og etter kvart resten av verda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.