Når samtida blir kulisse

Judea, Galilea og granneområda på Jesu tid.
Judea, Galilea og granneområda på Jesu tid.
Publisert

Avstanden til fortida er vanskeleg å måle. Det meste som hende i fjor, har vi heldigvis gløymt, medan hendingar for tiår sidan kan vere friske i minnet. Og på underleg vis kan tusen år gamle hendingar kome nær i vår eiga samtid.

Dei fleste på min alder hugsar karta i skulestova. Det var kart over Noreg, Europa, Amerika, Afrika og Asia. Ved å dra i ei snor kunne ein få dei ned. Når vi hadde sett nok, drog vi i snora, og kartet rulla seg opp att.

Og det var kart over Jødeland. Det var det landet heitte. På kartet var det stort, like stort som Noreg. Og det var fullt av namn vi kjende. Første timen i skuledagen var enten bibelsoge eller bibellesing, kvar einaste skuledag. Og i dei timane vandra vi stort sett rundt i Jødeland. Vi vart godt kjende der. Nasaret låg i nord, Betlehem i sør, Cæsarea ved kysten. Denne geografien kunne vi.

Men det var meir enn det. På Finnøy, der eg voks opp, hadde vi fem bedehus. Det var Emmaus i Steinnesvåg, Betania på Reilstad, Salem på Lauvsnes, Betel på Judaberg og Sion hos pinsevenene på Landa. Vi vandra dagleg rundt i jødelandsgeografien. Jødeland var i kvardagen vår. Historia var no.

Men det var meir enn det. Kva var det dei dreiv med og levde av, dei som budde i dette Jødeland då tinga hende? Dei dreiv med sauer. Bibelen er full av sauer og gjetarar. Jakob gjette sauene til Laban og møtte Rakel. Det var gjetarane på betlehemsmarkene som først fekk høyre om fødselen i stallen. Jesus sjølv kalla seg den gode hyrdingen, og bedehusa var fulle av bilete av han, gjerne med eit lam på armen. Stoffet verka kjent og nært, i alle fall for oss borna.

Og så fiska dei. Peters fiskefangst i evangeliet er ein dramatisk klassikar. Og dei fleste på skulebenken hadde opplevd ein dag på sjøen utan at fisken beit. Dette kjende vi til. Også dette var kjent og nært. Underet var stort. Som underet var stort då Jesus stilte stormen. Når det bles opp, kunne det vere tungt å kome trygt til land i dei små færingane våre. Det måtte vere godt å ha ein slik kar i båten. Vi tok forteljingane til oss.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement