Ord om språk

Når det gjeld

Publisert

Å verta gjeldfri er gildt, i alle fall om ein har vore so nedsokken i gjeld at ein snautt har kunna tenkja på anna. Smågjeld er greiare, men det gjeld å fylgja med då òg. Nokre har smågjeld her og der (klattgjeld, dei kallar), og det er lett å missa oversynet. Brått kjem nokon og krev inn gjeld du har gløymt, og kva gjer du då? Rømmer til eit anna prestegjeld?

Verbet gjelda er ikkje drusteleg å sjå til, men til gjengjeld har det nokre gilde slektningar, til dømes gild (‘gyldig; stor, grepa, fin; godlynt; glad’), gilde (eig. ‘betaling, tilskot’) og gilda (‘gjera gild, godkjenna; stadfesta; forgylla’). Gyldig (frå tysk) høyrer òg til denne ætta. Det same gjeld tysk Geld (‘pengar’). Engelsk yield (‘gjeva frå seg, gjeva etter’) er same ordet som vårt gjelda. Men gjelda (‘kastrera’) er noko anna. Det ordet heng i hop med adjektivet gold (‘ufruktbar’, dansk form) og gjeld (heimleg form).

Norrønt gjalda vart mellom anna nytta i tydingane ‘betala, gjeva attende, bøta; hemna; reia ut; syna; lata få; vera verd’. Me kan framleis nytta gjelda i tydinga ‘betala’, men gjengs er det ikkje. Ei tyding som i større grad har gjort seg gjeldande, er ‘vera verd, ha å seia, verta halden for’. «Kvitteringa gjeld som garanti.» «Ho gjeld for å vera sterk.»

Tydinga ‘betala’ ligg og lurer i samansette ord som gjengjelda (eig. ‘betala tilbake’) og omgjelda eller unngjelda (eig. ‘betala for’, «få omgjelda/unngjelda for noko»). Det avleidde inkjekjønnsordet som i norrønt hadde forma gjald (‘betaling, skatt’), har delt seg i to: inkjekjønnsordet gjeld (t.d. prestegjeld, eig. ‘område som betalar til same presten’) og hokjønnsordet gjeld (‘pengesum som ein skuldar’). Sistnemnde ter seg i mange samansetjingar, som gjeldsbyrd, gjeldsslave, gjeldsspiral, fellesgjeld, spelegjeld og statsgjeld.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement