Når då?Når passar det å bruka ? Nesten når som helst! kan både vera eit adverb med tydinga ‘kva tid, kor snart’ og ein subjunksjon (underordnande konjunksjon) med tydingane ‘på det tidspunktet, så snart som; så ofte som, kvar gong som; ettersom; dersom’. M

Publisert

Når passar det å bruka når? Nesten når som helst! Når kan både vera eit adverb med tydinga ‘kva tid, kor snart’ og ein subjunksjon (underordnande konjunksjon) med tydingane ‘på det tidspunktet, så snart som; så ofte som, kvar gong som; ettersom; dersom’. Men me kan vel ikkje bruka når der det skal vera ?

Både og når kan innleia tidsleddsetningar, og ein kjend regel seier at me skal bruka om eingongstilfelle i fortid og når om oppattekne tilfelle i fortid og om framtid. Kvifor skal me det? Nei, sei det – i boka Revolusjon i lingvistikken skriv språkforskar Jan Terje Faarlund at då/når-regelen er ein av fleire normative reglar som ikkje ser ut til å vera baserte på noko som helst. Korkje tydinga til orda eller kategoriane dei høyrer til, grunngjev ei slik ordning. Dette skiljet mellom og når finst heller ikkje i den «indre» grammatikken til mange av oss, og det er heilt vanleg at norske språkbrukarar ordlegg seg slik: «Maten var ferdig når eg kom heim.» Kan me då seia at setninga er ugrammatikalsk? Det er rimelegare å seia at setninga er ukorrekt. Ho bryt ikkje med norsk grammatikk, men ho bryt med dei vedtekne reglane våre.

Det er mykje lettare å fastsetja reglar for korrekt skrivemåte enn for korrekt setningsbygnad, og skrivemåten når fungerer fint i både bokmål og nynorsk. Etymologane er litt atterhaldne når det gjeld opphavet til når, men mykje tyder på at ordet kjem av norrønt «hvé nær» (‘når, kva tid’, eig. ‘kor nær’). I målføra finst det ei rad former som minner om dette moglege opphavet, som ner, nær, nør, å ner, hør ner, ka når, ko ner, konær og kæner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement