JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Nakenscener

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2358
20171027
2358
20171027

Ei gåte går slik: «Ikkje naken og ikkje kledd.» Korleis kan det gå til? Jau, den eller det som korkje er naken eller kledd, er dekt med noko gjennomsynleg – eit dekke som i røynda ikkje dekkjer. Samanhengen mellom klednad og nakenskap er innfløkt på andre måtar òg. Stundom seier me «ikkje gå ut so naken!» til folk som er påkledde, fordi me tykkjer dei er tynnkledde. Den nakne sanninga om naken er soleis at det nakne ikkje alltid er nake.

Den språkhistoriske sanninga om naken er òg litt vanskeleg å få taket på. Dei lærde stridest om kva slags samband det er mellom dei nordiske formene som endar på -n (norrønt og islandsk nakinn, færøysk nakin, dansk nøgen, norsk og svensk naken) og dei andre germanske formene, som har ein d- eller t-ljod i enden, til dømes norrønt nøkkvidr, engelsk naked og tysk nackt. Eit eller anna samband er det, i alle fall, og naken er jamvel i ætt med latin nudus (‘naken, udekt’), som me finn att i nudist og nudisme. På 1600-talet byrja engelske kunstnarar å nytta nude som eufemisme for naked, og i dag deler dei to adjektiva beite. Me har «naked facts» (nakne fakta) og kan sjå noko «with the naked eye» (med berre auga), og me kan «pose nude» (stå nakenmodell) og «take nudes» (ta nakenbilete).

Jamvel om nokre likar å gå kledelause, er det god skikk å kleda seg etter vêr og høve. Som ordtaket seier: «Ille kledd er alltid betre enn naken.» Her spelar det inn at kledeløyse lenge har vore eit teikn på armod. Det latinske substantivet nuditas tyder både ‘nakenskap’ og ‘naud, fattigdom’, og liknande døme finst her heime. Me har ordtak som «den som aldri seier nei [når nokon tigg], vil snart vera naken», attåt det kjende «naud lærer naken kvinne å spinna». «Naken som nåla» tyder ‘fattig’. Dersom du er naken som nåla, og ikkje eig nåla i veggen, sit du sanneleg vondt i det!

Vegger kan òg vera nakne, til liks med det meste anna. Einaste kravet er at det er udekt eller snautt, jamfør «ein naken holme» (utan vegetasjon), «ei naken grein» (utan lauv eller nåler), «eit nake andlet» (usminka) og «naken redsle». Det hender stundom at me vil streka under nakenskapen og seier at einkvan var «splitter naken», «kliss naken», «spillnaken» og liknande. Kva om du er skamnaken? Då er du «meget ilde klædt», seier Aasen.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis