Språk

Nå nye høgder

Publisert Sist oppdatert

«Der ein ikkje når botnen, får ein anten symja eller søkka.» Nokre ordtak seier slikt som seier seg sjølv, samstundes som me skjønar at utsegna har ei djupare meining. Det er vel tilfellet her.

Å nå botnen kan elles vera so mangt. For den som ikkje kan symja, er det tenleg å «nå botnen» i tydinga ‘ha fast grunn under føtene og hovudet over vatnet’. Elles er det leitt å nå botnen. Å nå botnen er å nå eit lågpunkt, og me veit alle at det er mykje betre å nå toppen.

Når me når noko, er me svært nær det eller meir enn det: Me er heilt innåt eller heilt framme. Dersom nokon fortel oss at dei nådde heim før regnet tok til, kan me gå ut frå at dei ikkje vart blaute. Dei som ikkje når opp til kakeboksen, må prøva å få ned boksen på anna vis eller greia seg utan kake. So det å nå noko er ikkje heilt det same som å vera nær det, men orda og nær er likevel nærskylde. er òg i ætt med nabo (‘ein som bur nær’). I moderne norsk finst ordet berre i denne danske forma, men i landsmålstekster kan me støyta på nåbu. I stykket «Til sæters» skriv Henrik Krohn (1826–1879): «Her er til dømes tvo naabuar.» Nabo har utan tvil sigra over nåbu, og nabo har nok overtaket på granne òg.

Det me har av mat og pengar, skal helst rekka til neste gong det kjem noko inn. Me talar gjerne om å få endane til å møtast, men me kan fint seia at endane når einannan, jamfør desse ordtaka: «D’er godt når endane når i hop.» «Det gamle skal nå det nye.» Nokre av dei som når langt i livet, har god råd og treng ikkje uroa seg for endane. Men kan me dimed gå ut frå at smilen deira når opp til augo? Å (opp)nå gode resultat er visseleg betre enn å ikkje nå opp i det heile, men folk som når måla sine, misser stundom piffen. «Var dette alt?» undrast dei. Slik sett er det tenleg å setja seg uoppnåelege mål. Då har ein støtt noko å strekkja seg etter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement