Myslibar
At det ikkje ligg i godterihylla, inneber ikkje at det er sunt.
Nøtter og sjokolade er godt, men er det sunt?
Foto: Pixsels.com
Det er ikkje mogleg å unngå dei. I det minste ikkje nett no, på Spar og Meny, til dømes, der det er tikronerssal, og eit av produkta som er til sals for ti kroner, er Eldorados MellomBar – ei tilsynelatande harmlaus, lita energibombe full av korn og nøtter. Men er det noko anna inni der, skal tru?
Og kva med Rema 1000s eigen Müslibar-serie, som til forveksling liknar den til Eldorado. (Sidan Eldorado er merkevara til Norgesgruppen, får du ikkje tak i dei i same butikk.) Ein beige variant av myslibaren inneheld sjokolade, ein lyseblå kokos og ein lysegrøn nøtter.
Er dei gode val når ein er på farten og bitte litt svolten, skal tru?
Sukker av mais
For særleg meir enn bitte litt svolten kan ein ikkje vere om ein MellomBar eller Müslibar skal monne i magen. Om vi tar utgangspunkt i dei beige variantane av produkta, altså dei som inneheld sjokolade, finn vi at begge to veg 23 gram og inneheld 96 kaloriar. 23 gram er mindre enn eit halvt egg, medan kaloritalet er det same som for eit heilt egg. Men der du får i deg alle næringsstoffa du treng utanom C-vitamin, om du et eit egg, er myslibaren noko ganske anna.
Fyrste ingrediens på lista er glukose-fruktosesirup (GFS): MellomBaren inneheld meir enn 19 prosent og Müslibaren 29 prosent. GFS er på ein måte verken meir eller mindre enn sukker, sidan sukker er eit disakkarid samansett av monosakkarida glukose og fruktose. Men likevel er det noko anna: Der sukker er laga av enten sukkerroer eller sukkerbetar, byrjar GFS som mais. Likevel, altså sjølv om mais er mindre søtt enn sukkerroer, er GFS søtare enn sukker. Årsaka er ein prosess som fyrst bryt ned stivelsen i maisen til glukose. Men glukose er ikkje så søtt som fruktose – difor tilset ein eit enzym som bryt ned delar av glukosen til fruktose. Då endar ein med eit produkt som inneheld mellom 42 og 55 prosent fruktose.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.