Mykje til kar

Publisert

Ikkje alle er kar om å vera kar, og det er ikkje alle som kan smykka seg med heidersnamnet kjernekar heller. Ein kar er i utgangspunktet ein fullvaksen mannsperson, og slik sett skulle det vera lett å verta kar: Gutane kan berre lata tida gå, so vert dei karar før eller sidan – det er ikkje noko karsstykke. Men det er òg tradisjon for å nytta kar om «mannsperson som i serleg mon har slike eigenskapar som ein vaksen mann bør ha» (Norsk Ordbok), og då vert det verre. Kar har mellom anna vore nytta i tydinga ‘gift mann’, so ein ungkar er mestsom ikkje ein retteleg kar. Me kan elles nytta kar i tydinga ‘rik, velståande mann’ (jf. storkar): «D’er lett å vera kar, når det inkje kostar.»

Dersom me fylgjer spora attover, ser me at ordet kar har hatt hovudtydinga ‘(vaksen og fri) mann’ i alle dei gamle, germanske måla. Grunnforma ser ut til å ha vore karla, men det er uvisst kva opphavet er. I Våre arveord skriv Bjorvand og Lindeman at ordet kanskje er i ætt med kjerne. I so fall kan me tenkja oss at kar opphavleg vart nytta metaforisk om ein mann med framifrå eigenskapar, jamfør kjernekar. Merk elles at mange av samansetjingane våre med -kar seier noko om arbeid eller arbeidstilhøve (t.d. skysskar, slåttekar, stallkar, lauskar), medan andre viser til eigenskapar (t.d. kraftkar, staskar).

Norrønt karl vart mellom anna bruka om ‘fri og vanleg mann, mann som korkje er træl eller konge’. Elles fanst det samansetjingar som ellikarl (‘gamal mann’), ferjukarl (‘ferjemann’), skítkarl (‘tarveleg mann’) og galdrakarl (‘mann som fer med trolldom’). Karfolk som stakk veslekaren borti andre enn kona, vart kalla hórkarl, og karar som gjekk med stav og livberga seg med tigging, vart kalla stafkarl. Det er opphavet til vårt stakkar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement