Ord om språk

Myggnetting på netthinna

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Dersom nett-trolla hadde gått ikring med nettingstrømper, nettingtrøye, hårnett og eit berenett i friske fargar, hadde det vore lett å kjenna dei att på gata òg. Å læra folk nettvit og nettikette er ikkje bortkasta, men netthat og netthets vert det visst likevel. Internett er reine kloakknettet stundom! Og me har vikla oss grundig inn i det.

Ordet nett (norrønt og klassisk nynorsk net) er runne av ei indoeuropeisk rot som har tydinga ‘knyta, binda saman’. Eit nett er soleis ‘noko som er knytt’. Nærskylde ord er not (‘stort garn til å stengja fisken inne med’), nesta (‘sy med lause sting, tråkla; kneppa’) og nesle (fordi planta har vore nytta til tekstilfibrar, jf. nettelduk).

Adjektivet nett («liten og nett») og adverbet nett («nett no», «få det nett som ein vil») høyrer ikkje til her. Dei kjem av latin nitidus (‘skinande, blank; velfødd; ven, fin’). Netto er same ordet som nitidus, berre i italiensk bunad. Det finst elles ei rad ord med -nett i enden som ikkje har noko med vårt nett å gjera, som kabinett og sonett.

Men lånorda annektera og anneks er ein del av nett-verket (gjennom latin nectere ‘knyta’). Det same gjeld engelsk node (‘knute’), av latin nodus (‘knute’).

Garn er ein nettforma fangstreiskap, og ei rad faste vendingar har med slike fangstnett å gjera. Me kan «gå i nettet», «få nokon i nettet», «ta fisk på nett» og oppdaga at «nettet snører seg saman (om oss)». Vevkjerringa lagar ein innfløkt vev som me fint kan tala om i biletleg meining: «eit edderkoppnett av informantar».

Myggnett(ing) held insekt ute. Mot større inntrengjarar kan ein prøva nettinggjerde. Mange driv med idrettar der ein skal slå ein ball over eit nett eller inn i eit mål med nett («setja ballen i nettet»). Lat ungane få nettkjenning før nettbrettet tek dei!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement