Motbydelege tilbod

Publisert

Mange av oss skal i gjestebod i tida som kjem. Vertsfolket byd oss mat og drykk, og kan henda støyter me på nokon som byd oss juling òg. Slike utbydingar skal me ikkje ansa. Maten og det gode samværet er viktigast, og som ordtaket seier: «Den som mange vil byda, må mykje syda (‘koka’).»

Verbet byda – med bydeforma byd (eller by, om me vel den stutte utgåva av verbet) – er eit arveord som ter seg i både bydesetningar og andre setningar so snart høvet byd seg. I målføra finst det eit oppbod av former, til dømes bjoa, bjo, bjø, by, bjøde og bjue. I nærskylde mål finn me former som svensk bjuda, dansk byde, islandsk og færøysk bjóda (med stungen d), engelsk bid og tysk bieten. Ordet skal koma av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘vaka, vekkja, vakna’. Me veit ikkje presist korleis byda rann frå denne rota, men me veit at namnet Buddha (‘den oppvakna’) har det same opphavet. I ætta åt byda og Buddha finn me òg bod, som mellom anna pregar truslivet (jf. «dei ti boda», «den glade bodskapen») og sambandet mellom folk (jf. postbod, snøggbod, bodsenda, bodberar, bodstikke).

Byda har mykje den same tydinga i dag som i mellomalderen. Då som no kunne folk nytta ordet i tydinga ‘beda til ei samkome’, som i seiemåtane «verta boden i selskap», «få innbyding i posten», «høyra til same bodlag» (bodlag: ‘krins el. grend der dei bed kvarandre i visse slag gjestebod’, òg kalla bedarlag). Dersom vertsfolket byd på mykje godt, og dersom festlokalet er innbydande, er det lett å seia ja til slikt. Det er verre å seia ja når lokalet og maten byd oss imot, eller dersom vertsfolket er latsekker som ikkje står i døra og byd velkomen. Men takk som byd!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement