Morsmålet

Bjørnstjerne Bjørnson var ingen nynorskven.
Bjørnstjerne Bjørnson var ingen nynorskven.
Publisert

Målet hennar mor me vil / aldri, aldri gløyma! syng Anders Reitan.

Så kan ein fundere over kvifor språket har gitt akkurat mor eigedomsretten til dette same språket. Farsspråk er det ingen som snakkar om. Og Per Sivle har gitt mor opphavsrett til songen òg. Mors song var den første songen han høyrde. Og det skal bli den siste.

Så er det kanskje eit slag historisk rettferd i dette. Det er mor som tek dei tyngste taka når nye menneske skal inn i verda. Ho er nok den som slit mest, og som snakkar og syng for nykomaren, både først og mest.

Så har ho, ved sin morskjærleik, fått historisk eigedomsrett til språket, morsmålet.

Dette målet har skapt mykje ufred. Språkstrid er alltid ein kamp om morsmålet og retten til å bruke det. Det har handla om makt, makt til å undertrykkje. Til tider har det vore dramatisk, og blod har runne. I internasjonal samanheng er vår norske språkstrid berre ein litt sur familiekrangel. Til og med grannelandet vårt Finland har i dag ein bitrare språkstrid enn vi. Der er det det gamle overklassespråket, svensk, som er minoritetsspråk og under press.

Språket er ein del av identiteten vår. Det fortel kven vi er, og kvar vi kjem frå, Trøndelag, Fredrikstad eller Hardanger.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement