Mordet på formalistaneDen sovjetiske sjakkrørsla, som voks fram på 1920-talet, romma òg ein liten minoritet som nesten ingen ofra ein tanke: problemistane, dei som sysla med å laga problem og oppgåver med paradoksale og elegante løysingar. Russarane hadde

Mikhail Botvinnik var kritisk til formalistane. Fotografi frå 1936.
Mikhail Botvinnik var kritisk til formalistane. Fotografi frå 1936.
Publisert

Den sovjetiske sjakkrørsla, som voks fram på 1920-talet, romma òg ein liten minoritet som nesten ingen ofra ein tanke: problemistane, dei som sysla med å laga problem og oppgåver med paradoksale og elegante løysingar. Russarane hadde lenge vore dei beste i verda på dette eksklusive området.

I 1930 fekk leiaren for sjakken, stalinisten Nikolaj Krylenko, det for seg at problemistane dreiv med fraksjonsverksemd. Krylenko var òg statsadvokat og gav problemistane ordre om å halda seg unna «borgarlege» sjakktema i komposisjonane. Sosialistisk realisme tydde i sjakken at oppgåvene skulle vera knytte til tema frå praktisk spel og ikkje vera for abstrakte eller formalistiske.

Dei gamle problemistane vart kritiserte for å ha praktisert idealet om (sjakk-)kunst for (sjakk-)kunsten sjølv. I 1936 vart tonen endå krassare då den nye sovjetiske stjerna og seinare verdsmeister Mikhail Botvinnik var medforfattar saman med sjakkideologen Leontij Spokojnyj av ein artikkel som argumenterte for at praktisk-politisk sjakkspeling skulle tena sosialismen, medan sjakk-komposisjonar skulle tena praktisk-politisk sjakkspeling.

Å publisera komposisjonar i vestlege sjakktidsskrift vart rekna som borgarleg dekadanse. I 1937 eskalerte konflikten mellom dei nye sjakkideologane og dei gamle formalistane. Arvid Kubbel, frå ein genial familie av sjakk-komponistar, vart arrestert og døydde på vegen til fangeleiren i Sibir. Den same lagnaden fekk Mikhail Platov, som før revolusjonen var favorittkomponisten til Lenin. Barndomsvenen til Botvinnik, Sergej Kaminer, skjøna alvoret i situasjonen. Han heldt verdsklasse i mellom anna sjangeren «hjelpe-matt» og freista desperat å få Botvinnik til å ta imot nokre notat med upubliserte sjakkproblem og dermed gje aksept for den typen aktivitet. Men Botvinnik ville ikkje hjelpa, og Kaminer vart drepen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement