Misjonspengane

I misjonshistoria er Gustava Kielland kalla mor til kvinneforeiningane.
I misjonshistoria er Gustava Kielland kalla mor til kvinneforeiningane.
Publisert

Heimbygda mi, Finnøy i Ryfylke, kom til å stå sentralt då den norske heidningmisjonen starta kring 1840. Prestefrua på Finnøy, Gustava Kielland, ho som skreiv «O Jul med din Glæde», hadde før ho kom til Finnøy, skipa den første kvinneforeininga for heidningmisjonen i Kvinesdal i 1840. I misjonshistoria er ho kalla mor til kvinneforeiningane.

Samtidig var mannen hennar, Gabriel Kirsebom Kielland, sentral då Det norske misjonsselskap vart skipa i Stavanger i 1842. Finnøy-bøndene rodde han til møtet i Stavanger, som dei rodde han heim då møtet var over.

Så var misjonsverksemda i gang, først i Natal i Afrika, før ho vart spreidd vidare utover.

Misjon kostar pengar, og misjonsverksemda, sentrert rundt dei framveksande bedehusa, vart ein pengeinnsamlingsmaskin.

Dette var godt organisert. Heime hadde dei sentrale organisasjonane årlege offerveker, spreidde over året slik at dei ikkje kom for tett. Gjennom ei veke var det møteverksemd i bedehusa rundt på øya, med dagleg offerinnsamling. Predikantar tala, og det lokale musikklaget, med fele, sag, trekkspel og gitarar, song.

Og pengane sildra inn. Men det var også godt rom for private gåver. Mange som ikkje hadde meir enn dei trong, greip djupt i pungen for å spreie evangeliet. Sauebønder som var misjonsfolk, hadde gjerne ein sau som var misjonssauen. Lamma hennar tilhøyrde misjonen, og salsinntektene hennar vart sende dit.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement