Misfarga i vask

Publisert

Dei siste vekene har mange vore ute i sola og «fått farge». Diverre, eller til alt hell, tyder ikkje det at huda er vorten fargesprakande. Ymse fargetonar har me nok, og folk som til vanleg har gråbleik andletsfarge, ser med eitt helsugare ut.

Men langt frå alle likar at sola får dei til å skifta farge. Verda er ikkje fargeblind, og den hudfargen som går for å vera nøytral eller umarkert i vår krok av verda, er heller ljos. Dei av oss som er mørkare enn det som er halde for norm, kan uroa seg for at soling gjer vondt verre. Den politiske fargen vår vert derimot ikkje påverka av solljoset, etter det eg veit.

Fargeklattar kjem i alle former og fargar, og det vert jamt over oppfatta som betre å vera fargerik og fargeglad enn fargelaus. Nokre tykkjer at det kan verta vel mykje fargespel og fargeprakt stundom, andre likar alt som set farge på tilværet. Men kor fargerik er soga om ordet farge? Somme granskarar har gissa at substantivet farge kjem av eit germansk adjektiv som opphavleg tydde noko slikt som ‘forma, laga, sovoren’. Dette gamle adjektivet kan vera i ætt med verbet fara: Partisippet faren (norr. farinn) har vore nytta til å seia at noko er slik og slik på skap (jf. norr. vel andlits farinn ‘med vent andlet’, vera illa farandi ‘sjå ille ut’). Med andre ord kan det sjå ut til at farge fyrst tydde ‘skapnad, utsjånad’, og so har det i større og større mon vorte nytta om ei viss side av utsjånaden.

Det me veit, er at farge er kome til oss frå lågtysk. Før det nytta folk helst let (norr. litr), som i dansk har fått forma lød. Mange nyttar farge og let om einannan heilt fritt. Andre nyttar eitt av orda til alt. Atter andre held oppe det skiljet som Aasen la merke til då han granska målføra. I Norsk Ordbog skriv han at let (landsmål lit) helst vert nytta «om naturlig Farve; medens derimot paasat Farve hedder Farge». Han skriv òg at den vanlege norske uttalen av farge er med j: farje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement