Frå sjakkverda

Mirakel og slarv

Kva vert Carlsens neste trekk mot Niemann i den store jukseskandalen?
Kva vert Carlsens neste trekk mot Niemann i den store jukseskandalen?
Publisert

Dette veit vi i den store skandalen som har heimsøkt sjakkverda: Amerikanaren Hans Niemann (19) har kome som ein rakett inn i sjakkeliten. «Mr. Nobody» (omsetjing frå tysk) vedkjenner at han har juksa i internett-turneringar, sist som 16-åring. Heime på guterommet er juks ei enkel sak, men om ein juksar for mykje, vil algoritmane til sjakkplattformene blinka raudt. Chess.com har kasta ut Niemann og skriv at guten har meir på samvitet enn det han seier ope.

Å juksa i ei fysisk turnering mot verdsmeisteren er sjølvsagt noko heilt anna. Magnus Carlsen hadde førebudd eit nytt bondeoffer som kvit i opninga mot Niemann i Saint Louis for to veker sidan, men Niemann svara snøgt dei neste 15 trekka. Amerikanaren sa etter sigeren at han ved eit mirakel hadde studert heile varianten den same morgonen. Carlsen trur ikkje på mirakel og trekte seg frå turneringa med ei kryptisk melding om at han ikkje kunne snakka høgt. Carlsen, leiaren for ein elite med ein streng æreskodeks, har aldri før mistenkt ein kollega for juks.

Om det var juks, slik alle tolka Carlsen, er den tekniske løysinga ikkje særleg komplisert: Dei minste øyrepluggane er utanfor rekkjevidde for metalldetektorar. Spelaren kan difor få meldingar på øyret frå ein hjelpar som sit med dataanalysar. Kreative Elon Musk leikar med tanken på at sjakkjuksarane kan få morsesignal frå vibrerande analkuler.

Men fleire stormeistrar kritiserer Carlsen og seier at mirakel er moglege på sjakkbrettet. Dataguruen Ken Regan, den leiande eksperten på sjakkjuks, har rekna seg fram til at eitt parti av ein million er «mirakuløst». Carlsen kan ikkje svara for seg av di han ottast søksmål og ikkje er lysten på å verja seg med sjakkteori mot amerikanske kjendisadvokatar.

Etter den fyrste episoden følgde ei veke med slarv og mot­slarv. Mange fann ulike «mirakel» i Niemanns kometkarriere, medan andre freista forklara mirakla på «naturleg» vis. Ein ukrainsk dataekspert fann ei rad mistenkelege parti frå Niemanns spel i brettsjakk, medan Regan tolka desse partia som «naturleg variasjon».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement