Minnemeisteren Harry Pillsbury
Harry Nelson Pillsbury (1872–1906).Harry Nelson Pillsbury (1872–1906).
Den unge verdsmeisteren Garri Kasparov sa tvert nei då tyske Der Spiegel på midten av 1980-åra ville testa han med oppgåver frå repertoaret til den legendariske Harry Pillsbury. Sovjetarane og Kasparov ottast at slik aktivitet kunne føra til galenskap, og Sportskomiteen la ned forbod mot blindsjakk og det som verre var.
Amerikanaren Pillsbury var meir enn god nok i vanleg sjakk over brettet. Han vann fleire parti mot verdsmeisteren Emanuel Lasker og var den beste turneringsspelaren i verda i åra 1903–04. Det mest interessante er likevel at han nok var den mest intelligente sjakkspelaren i historia, i alle høve om ein skal tru IQ-testar og såvore.
Pillsbury vitja Cambridge i England i 1902. Han bad publikum plassera ein hest på eit fritt valt felt på sjakkbrettet. Utan å sjå på brettet fortalde han korleis ein kunne flytta hesten 63 gonger på rad utan å hamna på same felt meir enn ein gong. (Eg maktar ikkje finna ein slik sti som dekkjer alle dei 64 felta jamvel om eg sit i fred og ro med sjakkbrettet føre meg heime i stova og byrjar med springaren i eit hjørne). Framleis i oppvarminga – og med bind for augo – fekk Pillsbury vita valøren på 20 kort trekte frå ein kortstokk. I neste augneblink kunne han nemna dei 32 resterande korta. Og så byrja blindsjakken.
Den mest imponerande førestillinga fann sted i St. Louis: Pillsbury spela 16 sjakkparti samstundes med åtte parti dam – alle i blinde – medan han tok del i eit slag whist. Han vann kortspelet, vann alle dampartia og tok 15,5 poeng i sjakken. Under simultanspelet fann han ei tilfeldig avis, las ein bolk og gav avisa til sidemannen. Deretter siterte han alt baklengs – ord for ord – utan ein einaste feil.
Pillsbury vart testa av psykologar og lækjarar. Dei gav han lange lister med 30 obskure ord av typen takadiastase, ambrosia, Threlkeld, staphylococcus og så bortetter. Minnemeisteren kika på orda i eit par sekundar før han resiterte lista. Deretter gav han ein blindsjakksimultan mot 20 motstandarar. Etter simultanen vart han spurd om ordlista på ny – og resiterte henne baklengs.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.