Sjakk

Min Tsjekhov

Oppsetjinga til Lev Dodin av Platonov i St. Petersburg i 1997. Sjakkscena i manuset var så keisam at regissøren bygde eit ekte basseng på scena, der karakterane kunne symja nokre tak mellom sjakktrekka.
Publisert

Om ein i dag har gode grunnar til ikkje å lesa (spela) russiske forfattarar (dramatikarar), er Tsjekhov den siste ein ikkje skal lesa (spela). Anton Tsjekhov (1860–1904) har alltid vore favoritten min. Han er ein av oss, den einaste russiske forfattaren vi kan skjøna fullt ut.

Tsjekhov er universell som Ibsen og Strindberg, utan kvasi-åndeleg mystikk.

I min rasjonalitet og naivitet er Tsjekhov ein av dei tre mest kjende vestvende russarane, saman med Lenin (som vende seg mot tyske filosofar som Marx og Engels) og Gorbatsjov. 

Mikhail Gorbatsjov, som var vanvyrd av sitt eige folk, var alltid populær i Vesten. Vi forstod kva han ville.

Den fyrste seriøse teksten eg las på russisk, var Tsjekhovs Tre systrer. Den neste var langnovella Dama med hunden (som ein rett nok kan kritisera for eit stereotypisk russisk syn på Krym). Eg las seinare dei stutte humoristiske novellene hans, og i 1995 var planen å skriva ei hovudfagsoppgåve om desse novellene. Samstundes elska eg dei fire store teaterstykka: Måken (1896), Onkel Vanja (1897), Tre systrer (1901) og Kirsebærhagen (1904).

Eg var fleire gonger på teater i St. Petersburg i 1997, men fekk diverre ikkje med meg den spektakulære oppsetjinga av Platonov. No hadde eg, kor som er, bytt ut litteratur med russisk grammatikk. Men opningsscena i Platonov står meg framleis nær. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement