Min helts antihelt

Dmitrij Bykov (f. 1965).
Dmitrij Bykov (f. 1965).
Publisert

Vi har ikkje ein slik personlegdom i det litterære Noreg. Ta ein forfattar med arrogansen, elegansen og pondusen til Erik Fosnes Hansen. Gje han litt poetisk-polemisk vidsyn frå Jan Erik Vold. Legg til formidlingsgleda til ein Frank Aarebrot. Då har vi den russiske forfattaren, poeten, kritikaren og samfunnsrefsaren Dmitrij Bykov.

I periodar kan eg høyra på Bykov kvar dag. Han har lese alt og snakkar på inn- og utpust om alle tema. Bykov seier at Ostap Bender hjå forfattarduoen Ilf og Petrov er den mest interessante og tidlause litterære russiske (anti)helten. Konkurransen er hard, som vi veit. Ei førelesing av Bykov byrjar med den geniale aforismen: «Ilf og Petrov har gått i gløymeboka av di alle kan sitera romanane deira ordrett.»

Det er vanskeleg for utlendingar å skjøna Bender-figuren frå tiåret etter revolusjonen. Eg ville kan henda ikkje ha lese romanane Tolv stoler (1928) og Gullkalven (1931) om det ikkje var for at Bender er sjakkspelar. Stormeister, faktisk. Forfattarduoen er inspirert av den jødiske kulturen og humoren i Odessa. Bender er rotlaus, fattig, smart og vittig, har dametekke og kjempar det han kallar ein «ideologisk kamp» for personleg økonomisk rikdom.

Bender vantar evna til å snakka sant eller gjera eit heiderleg arbeid. Det interessante med Bender er korleis han står med eitt bein i den gamle tida, Tsar-Russland, og eitt i den unge Sovjetstaten. Han er sovjetisk og antisovjetisk i same person.

Bender tilpassar seg dei nye tilhøva, og med den nye sjakkboomen under Stalin får han ideen om å svindla ein sjakklubb ved Volga ved å gje seg ut for å vera stormeister. Det sovjetiske publikummet elska desse scenene krydra med sjakkaforismar. Bender, som berre kan eitt opningstrekk, 1.e2–e4, skaper den sovjetiske sjakkhumoren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement