Midt imellom

Publisert

Mellomalderen ligg mellom antikken og nytida, og ordet mellom var godt innarbeidt den gongen òg – i norrøn form, rett nok. Seiemåtane «húsa á milli» og «sín í milli» svarar til vårt «husimellom» og «seg imellom». Folk kunne til dømes «skipta einhverju sín í milli»: dela noko mellom seg. Men kvar kjem milli og mellom frå?

Norrønt (í) millum og (í, á) milli skal vera dativformer (høvesvis fleirtal og eintal) av eit ord som tyder ‘midte, midtpunkt’. Me kan difor seia at (i)mellom har grunntydinga ‘i el. på midten av’. Ordbøkene fortel at mellom er i ætt med andre ord som òg har noko med midten å gjera, til dømes mid- («eit midaldra kvinnfolk») og det lågtyske låneordet middel- (jf. middelveg, middelklasse). Me lyt vel òg nemna nokre målføreformer, og her er det mykje å velja mellom: Folk seier til dømes milla, mellæ, mjødlo, milløm, mydlo og møddum. Me skal heller ikkje gløyma dansk mellem, svensk mellan, islandsk á milli og færøysk millum.

Eit gamalt ordtak seier at «geispen gjeng manna-millom», med andre ord at geisping smittar. Slike samansetjingar med mellom er svært tenlege når me skal målbera at noko eller nokon rører seg mellom mange «postar» av same slaget. Husimellom og mannimellom er alt nemnde, men me kan jamvel fara dørimellom, gardimellom, bygdimellom og landimellom. Dersom det vert so stor usemje mellom nokon at dei tek til å delja kvarandre i mellomgolvet og slengja einannan veggimellom, kan det hjelpa at nokon går imellom og skil slåstkjempene før dei vert so skamfarne at dei ligg og sviv mellom liv og daude.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement