Meteren – ein sein fødsel
Den store franske revolusjonen har sett mange spor i historia. Meteren er eitt av dei.
Foto: Erik Johansen
Det er mange måtar å lese historie på. Éin måte kan vere å lese historia som ei forteljing om strevet mennesket har med å ordne verda omkring seg, å gjere henne oversikteleg, forståeleg og handterleg. Då blir kunnskapen den fremste hjelparen.
Verda omkring oss har utstrekning, i tid og rom. Å gripe denne utstrekninga, å kunne seie noko om henne, var ei utfordring. Verda måtte målast, og måla måtte fortelje. Etter kvart vart tidsmålinga raffinert, frå året og døgnet, som universet definerte, ned til nanosekunda som atomkjernane talde for oss.
Så var det avstandane i vår tredimensjonale verd: lengde, høgde og breidde. Her hadde naturen delt ut nokre måleinstrument, knytte til menneskroppen. Ein fot var ein fot, så omtrent, tilgjengeleg og hendig til å måle med. Ein arm var ein arm, overarm og underarm. Underarmen var eit praktisk måleinstrument som ein berre kunne leggje ned på det som skulle målast. Og underarmen vart til alen, som tyder underarm, i mange språk. Tommen finst overalt, med ulike namn. Om det har med tommeltotten å gjere, veit eg ikkje. Og framleis måler vi havdjup i famnar, enten vi set line eller ser etter grunnar. Fot, alen, tomme og famn er framleis livskraftige mål.
Desse lengdemåla var nasjonale, ulike frå land til land. Fram til 1863 var ein dansk og norsk tomme 1,5 mm lengre enn ein svensk tomme. I 1863 la svenskane om måla sine, og ein svensk tomme vart då 2,5 mm lengre enn den danske og den norske. Slik var der verda over. Av mil var det mange slag. Dette var eit rot.
Den store franske revolusjonen har sett mange spor i historia. Meteren er eitt av dei. I 1793 vart det bestemt ved lov at meteren skulle vere lengdemål i Frankrike. Og meteren skulle vere ein milliontedel av jordmeridianen frå polen til ekvator. Det vart gjort nøyaktige målingar, og i 1799 vart den første meteren laga, av platina, ein arkivmeterstav som leksikonet kallar han, arkivert i Paris. I 1875 skreiv mange land, derimellom Noreg, under på den såkalla Meterkonvensjonen, der dei sa at dei ville innføre meteren som mål. I 1889 fekk alle som hadde skrive under konvensjonen, ein eigen kopi av meteren i Paris. Den norske meteren hadde serienummer 3.
No vart meteren omdefinert, meridianen vart pensjonert. Ein meter vart no avstanden mellom to strekar på originalmeteren i Paris, ved null grader celsius og ved eit trykk på ein atmosfære.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.