MetaforaneÅ fylgja presidentskapen til Trump er som å sjå ein nybyrjar som gjev bort brikkene sine heilt umotivert medan han gjentek høgt for kvart trekk at han står til vinst, kommenterte ein rumensk sjakkspelar. Sjakkmetaforane likar seg i politikken.
Sekundanten Finn Iunker.
Foto: Kunsthøgskolen i Oslo
Å fylgja presidentskapen til Trump er som å sjå ein nybyrjar som gjev bort brikkene sine heilt umotivert medan han gjentek høgt for kvart trekk at han står til vinst, kommenterte ein rumensk sjakkspelar. Sjakkmetaforane likar seg i politikken.
Tidlegare i år var eg invitert til «Nytt på nytt» på NRK. Eg spurde dramatikaren Finn Iunker før sendinga om han hadde registrert noko morosamt i norsk politikk. Svaret eg fekk på e-post er her sterkt skore ned.
Iunker rådde meg til ikkje å koma med billeg politikarharselas som at «det var ikkje noko sjakktrekk». Iunker meinte det ikkje ville vera særleg morosamt å seia at Listhaug «angrip på kongefløya» når ho går til åtak på Støre, men at det kan vera litt meir løgleg å seia at «Jonas angrip på dronningfløya» når han går til åtak på Siv eller Erna.
Å seia at partiet Raudt har negativ rating, er innanfor. Det same gjeld postulatet om at «ei mindretalsregjering alltid står i slag». Det er derimot ikkje morosamt, ifylgje Iunker, å seia at Trygve Slagsvold Vedum vert dronning om han kjem til den andre sida. (Men her er eg usamd – det er litt morosamt.)
Iunker meinte eg kunne peika på at norsk politikk dreier seg om at den eine sida ynskjer at den andre sida skal ofra kvalitet slik at ein sjølv vinn terreng, og at ein i politiske debattar kan repetera poenga utan stans då ingen skjønar at det er remis når båe partar har sagt det same tre gonger.
Halvvegs ut i programmet bør eg seia, medan eg ler høgt, at «denne politiske tabben er som å flytta springaren til g5». Folk vil da tru at vitsen er så abstrakt og avansert at berre sjakkspelarar skjønar han. For å piska opp stemninga kunne eg òg trekkja inn vitsen om svensken, dansken (altså Peter Heine Nielsen, trenaren til Carlsen) og Kasparov. Utan nokon gong å koma til poenget, kunne eg ymta om at ein hissig Kasparov kjem sist ut or fjøset. Han artikulerer ikkje nett noko remisframlegg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.