Mennesket og maktene
Lyn slår ned i havet utanfor Rognsfjorden ved Langesund.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Frå mennesket dukka opp i historia, har det lege i konstant konflikt med naturen og naturmaktene. Storm, flaum, kulde og rovdyr var stendige trugsmål for fysisk veike skapningar, som mennesket var.
Historia handlar mykje om denne kampen, der menneska etter kvart skaffa seg eit overtak.
Stormen var framleis vill og farleg. Men flaumvern vart bygde og elvar regulerte. Gode hus og klede gjorde kulden mindre farleg. Villmarka vart kultivert, og kulturplantane våre overtok mykje av jorda. Rovdyra vart drivne unna.
Dette overtaket over naturen har drive naturen ut av byane våre. Byane er unge innslag i historia, seint tilkomne. Og dei har skapt stor avstand til naturen og naturlege livsvilkår.
Når vi byfolk spør om vêret, er det for å vite om vi skal ha med oss paraply eller regnfrakk. Og torevêr er festleg, spesielt om det er mørkt ute. Innomhus er det varmt i byane, og rovdyra er borte.
Men naturen finn det nødvendig, rett som det er, å minne om at hans finst og er mektig.
Rundt i verda kan tropestormar rasere heile byar, gjerne i USA, og flaumar kan drukne heile landskap, gjerne i Asia.
Havet har aldri late seg disiplinere. Det krev stendig sine offer.
På våre kantar er det flaumane som først og fremst minner om naturens makt. Snøsmeltinga kan gje vassmengder samfunna ikkje kan handtere, som vårflaumane i Glomma og andre elvar. Det kan bli gjort stor skade.
Men andre naturkrefter kan liggje og kvile i ro i årevis før dei brått slår til med rå kraft.
I 1949 gjekk det eit kraftig torevêr over Finnøy, heimøya mi. Lynet slo ned i låven til grannen og slo i hel den premierte merra hans. Mange grannar måtte til for å få det store døde dyret ut av stallen og ned i ei grav som var djup nok og trygg nok for det store hestekadaveret.
Ein annan granne hadde ein bjørkeskog. Han hogg skogen ned og gjorde jorda til eit frodig kulturbeite, der oksane hans beita. Men fire store og vakre eiketre vart ståande att, som ein variasjon i alt det grøne graset. I storm og uvêr brukte oksane å søke ly under den største eika. Under eit kraftig torevêr slo lynet ned i eika og slo i hel fire oksar.
I ein hauststorm i 1951 vart lokalrutebåten «Sandeid» broten ned av straum og bølgjer på Mastrafjorden i Ryfylke. Mange menneske drukna. Dette var vår rutebåt. Dei som drukna, var frå grannelaget vårt.
Naturen viste si makt over menneskets avmakt. At naturen var mektig, visste vi bønder på ryfylkeøyane.
Vårt samliv med naturen var nært. Sol og regn gav livsvilkåra for det vi dyrka. For mykje og for lite av det eine og det andre kunne avgjere om året var godt eller dårleg. For mykje regn i høyonna kunne gjere det vanskeleg å få godt vinterfôr i hus.
Samtidig hadde vi den store og ville naturen innpå oss, han som råder over liv og død, og som ingen kan rå med.
Dette gav tunge perspektiv over dagleglivet. Livet var risikabelt.
No har mange av oss flytta til byen, frå den mektige og lunefulle naturen. Livet er framleis eit risikoprosjekt. Men naturen er ikkje så vill og farleg her i byen som han var på bygda eller på sjøen.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.