Mellom lineneBrot på lina vert det stundom, anten det er høgspentlina, jarnbanelina eller partilina me talar om. Men luftlina er det lite kluss med. Ho toler vind og vêr og kan korkje strykast ut eller rivast ned. Elles veit me at det som hender mellom dau

Publisert

Brot på lina vert det stundom, anten det er høgspentlina, jarnbanelina eller partilina me talar om. Men luftlina er det lite kluss med. Ho toler vind og vêr og kan korkje strykast ut eller rivast ned. Elles veit me at det som hender mellom daudlinene og sidelinene på ei fotballbane, interesserer mange. Kanskje linedansande linedomarar kunne fått endå fleire til å fatta interesse?

Ei line er ikkje berre ei line: Bak forma line løyner det seg (minst) to ord. Rett nok handsama Aasen det som eitt ord i Norsk Ordbog, men i nyare ordbøker er det vanleg å skilja mellom line (‘tau, snøre’, t.d. fiskeline, linedansar) og line eller linje (‘strek, stripe; omriss; rekkje; sambandskanal’ osb.). Line i tydinga ‘tau, snøre’ kjem av norrønt lína og har grunntydinga ‘noko av lin’. Det andre ordet – lin(j)e – har kome inn i norsk gjennom tysk Linie. Både line og lin(j)e kan førast attende til latin linum (‘tråd av lin, lin’), men vegen deira inn i målet har vore ulik.

Snørelina er ikkje heilt på line med den andre lina: Ho har ikkje gjeve oss like mange biletlege seiemåtar. Men me kan laupa lina ut (fullføra det me har byrja på, tura fram, eig. ‘laupa so langt som lina rekk’) og balansera på slak eller stram line – i båe tilfelle er det keitt å detta ned. Elles har me mange handfaste liner ikring oss, jf. «fiska med line», «høyra flagglina slå mot stonga», «kasta livline», «ha hunden i langline».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement