JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Mellom linene

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2357
20180427
2357
20180427

Brot på lina vert det stundom, anten det er høgspentlina, jarnbanelina eller partilina me talar om. Men luftlina er det lite kluss med. Ho toler vind og vêr og kan korkje strykast ut eller rivast ned. Elles veit me at det som hender mellom daudlinene og sidelinene på ei fotballbane, interesserer mange. Kanskje linedansande linedomarar kunne fått endå fleire til å fatta interesse?

Ei line er ikkje berre ei line: Bak forma line løyner det seg (minst) to ord. Rett nok handsama Aasen det som eitt ord i Norsk Ordbog, men i nyare ordbøker er det vanleg å skilja mellom line (‘tau, snøre’, t.d. fiskeline, linedansar) og line eller linje (‘strek, stripe; omriss; rekkje; sambandskanal’ osb.). Line i tydinga ‘tau, snøre’ kjem av norrønt lína og har grunntydinga ‘noko av lin’. Det andre ordet – lin(j)e – har kome inn i norsk gjennom tysk Linie. Både line og lin(j)e kan førast attende til latin linum (‘tråd av lin, lin’), men vegen deira inn i målet har vore ulik.

Snørelina er ikkje heilt på line med den andre lina: Ho har ikkje gjeve oss like mange biletlege seiemåtar. Men me kan laupa lina ut (fullføra det me har byrja på, tura fram, eig. ‘laupa so langt som lina rekk’) og balansera på slak eller stram line – i båe tilfelle er det keitt å detta ned. Elles har me mange handfaste liner ikring oss, jf. «fiska med line», «høyra flagglina slå mot stonga», «kasta livline», «ha hunden i langline».

Dei andre linene finst det mange av – det er so å seia liner over heile lina. Ei av dei største er ekvator, som rett og slett kan omtalast som «lina» (t.d. «passera lina»). Akevitt som har vorte ført over denne store lina, kan me trygt kalla lineakevitt. Me viser òg til store liner når me talar om linene i landskapet, medan linene (rukkene) i handflata og andletet er monaleg mindre. Nokre liner verkar inn på dei lange linene i livet, til dømes studielina me hamnar på. Og det er stor skilnad på å kjempa ved frontlina og å sitja i ro og mak og nyta velforma versliner. Skrivne ord plar vera ordna i liner, so om nokon bed deg om å «senda nokre liner», kan du gå ut frå at det er setningar dei ynskjer seg – ikkje vilkårlege strekar på eit ark. Kva med dei som berre er opptekne av botnlina eller straumlineforma farkostar? Er me på line med dei?

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis