Meister på 72 timarKan ein verta god i sjakk om ein byrjar som vaksen? Sanninga er nok at det ikkje er så lett. Sjakk er på det viset som fiolin, matematikk eller språk. Om ein byrjar som barn, får ein eit forsprang som ein vaksen nybyrjar sjeldan vil kunn

Habu spelar sjakk og shogi mot den franske sjakkstormeisteren Maxime Vachier-Lagrave.
Habu spelar sjakk og shogi mot den franske sjakkstormeisteren Maxime Vachier-Lagrave.
Publisert

Kan ein verta god i sjakk om ein byrjar som vaksen? Sanninga er nok at det ikkje er så lett. Sjakk er på det viset som fiolin, matematikk eller språk. Om ein byrjar som barn, får ein eit forsprang som ein vaksen nybyrjar sjeldan vil kunna konkurrera mot.

Det finst nokre unnatak, sjølvsagt. Noregsmeisteren frå 1972, Erling Kristiansen frå Vardø, lærte sjakk som 17-åring. Eit anna døme er Yoshiharu Habu, den beste shogispelaren i historia. Habu er superstjerne i Japan, der den tradisjonelle kulturen hadde eit eige rom reservert for spelet, eit rom som låg i enden av huset og leidde til den tradisjonelle japanske hagen.

Av di shogi er så populært, er Japan det einaste siviliserte landet der sjakken er nærast ukjend. Ein viktig skilnad på sjakk og shogi er at brikkene som vert slegne ut i det japanske spelet, kan koma attende i partiet, noko som gjer at kompleksiteten og tempoet aukar i sluttspelet. Habu vart profesjonell shogispelar som 14-åring og lærte sjakkreglane som 25-åring. Han spela gjennom nokre parti av Fischer – og nådde den same sjakkratinga som eg har.

Til slutt historia om Giraffe, sjakkmonsteret til forskaren Matthew Lai frå Imperial College i London. Trøysta for oss menneske plar vera at vi trass alt står bak og programmerer maskinane, men her er ikkje det opplagt. Eksperimentet til Lai innanfor feltet kunstig intelligens var nemleg å få maskinen til å læra seg alle sjakkprinsipp på eiga hand. Det einaste Giraffe fekk av input, var sjakkreglane som fylgjer med sjakkbrettet ein kjøper i butikken, og fem millionar sjakkstillingar. Så byrja Giraffe spela millionar av parti mot seg sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement