Meininga, finst ho?
«Creazione di Adamo», då Gud skapte Adam, som Michelangelo måla i taket på Det sixtinske kapell, ca. 1512.
I Det eviga leendet fortel Pär Lagerkvist ei historie om noko som hende i æva, der dei døde var samla. Det ulma ei misnøye som braut ut i noko som likna eit opprør. Mange som var der, streva i livet tungt med å finne ut kva som var meininga med livet. Det fann dei ikkje ut, og no var dei arge og frustrerte. Dei hissa opp alle dei andre, og dei blei til slutt samde om å finne Gud og stille han til ansvar. Dei kravde eit svar. Kva var meininga med det heile? Milliardane gav seg på vandring for å finne Gud og få eit svar.
Det blir ei underleg vandring. Milliardane vandrar, i tusenår på tusenår. I æva er det store avstandar og mykje tid. Dei kjem ikkje fram. Rundt dei er det berre audt og tomt.
Så, endeleg, ser dei langt borte eit lite lys, frå noko som liknar ei fjøslykt. Under lykta står ein gammal gubbe og sagar ved. Dei ser at det er Gud. Dei nærmar seg han.
Etter ei tid kjem dei til saka, det dei er ute etter.
– Kva har du meint med oss, spør dei.
Gamlingen blir skremd, hjelpelaus og redd av alle milliardane rundt seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.