Meininga, finst ho?
«Creazione di Adamo», då Gud skapte Adam, som Michelangelo måla i taket på Det sixtinske kapell, ca. 1512.
I Det eviga leendet fortel Pär Lagerkvist ei historie om noko som hende i æva, der dei døde var samla. Det ulma ei misnøye som braut ut i noko som likna eit opprør. Mange som var der, streva i livet tungt med å finne ut kva som var meininga med livet. Det fann dei ikkje ut, og no var dei arge og frustrerte. Dei hissa opp alle dei andre, og dei blei til slutt samde om å finne Gud og stille han til ansvar. Dei kravde eit svar. Kva var meininga med det heile? Milliardane gav seg på vandring for å finne Gud og få eit svar.
Det blir ei underleg vandring. Milliardane vandrar, i tusenår på tusenår. I æva er det store avstandar og mykje tid. Dei kjem ikkje fram. Rundt dei er det berre audt og tomt.
Så, endeleg, ser dei langt borte eit lite lys, frå noko som liknar ei fjøslykt. Under lykta står ein gammal gubbe og sagar ved. Dei ser at det er Gud. Dei nærmar seg han.
Etter ei tid kjem dei til saka, det dei er ute etter.
– Kva har du meint med oss, spør dei.
Gamlingen blir skremd, hjelpelaus og redd av alle milliardane rundt seg.
– Eg er ein enkel mann, seier han, med audmjuk røyst.
– Eg har ikkje meint livet som noko merkeleg, held han fram, med same audmjuke røysta.
Då blir milliardane rasande og opprørte. Ikkje noko merkeleg. Dei godtek ikkje svaret, og dei går laus på han og vil ha eit skikkeleg svar.
Og Guds svar kjem omsider, stille og audmjukt:
– Eg har gjort så godt eg kunne.
Det utløyser nytt raseri. Dei fortel Gud kor vondt livet har vore, men at dei alltid har trudd at lidinga i livet hadde ei meining. Dei fortel om gleda. Var ho også meiningslaus? Var livet berre meiningslaust?
Milliardane øser seg opp og skrik mot han, og han svarar berre forsiktig:
– Eg har gjort så godt eg kunne.
Omsider legg han til:
– Eg har berre meint at de aldri skulle måtte nøye dykk med ingenting.
Då slår dei til for alvor. Det finst mange mellom milliardane som døydde som små born. No driv dei småborna fram til Gud og ropar bittert og hardt:
– Kva har du meint med desse skuldlause små?
Då får gamlingen tårar i augo og stryk borna over hovudet.
– Med dei har eg ingenting meint. Då var eg berre lukkeleg, sa han.
Då kjem tårene i augo til dei sinte milliardane. Sinnet og frustrasjonen må vike. Dei byrjar å tale saman og fortel om sitt eige liv, livet dei har bak seg. Dei har funne fram til kvarandre.
Og så startar den lange vandringa tilbake til utgangspunktet. No skal dei skiljast etter den lange vandringa. Dei fekk ikkje det svaret dei søkte hos Gud. Men dei fekk eit anna svar. Ein av leiarane sette ord på opplevinga:
– Eg erkjenner deg, kjære liv, som det einaste tenkelege blant alt som ikkje kan tenkjast.
Den svarfattige guden hadde sendt dei tilbake til sine eigne liv.
Så var ferda slutt. Teiande skildest dei frå kvarandre for kvar og ein å finne sin eigen heimstad der dei skulle halde fram med å leve.
Så langt Pär Lagerkvist, som streva med livet og livets meining gjennom heile forfattarskapen.
I all kjend historie har mennesket søkt etter meining i verda og i eige liv. Naturen er full av uforståelege under, som vårt eige liv er det. Fødselen er underleg, som døden er gåtefull.
Eit velbrukt svar på kravet om meining har vore å skape gudar som held det heile i sine hender, frå ei skaping til ei avslutning. Desse gudane leverer meining, meir eintydig meining enn Gud leverte i Pär Lagerkvists novelle.
Men med gudane har det stort sett gått nokså ille. Heile gudefamiliar er avsette og kasta på røysa: Dei romerske, dei greske, dei norrøne og mange fleire. Og dei tok meininga med seg då dei fór.
Mennesket har fortrengt gudane og nedlagt dei fleste. Så må menneska åleine streve med meininga med livet, utan gudehjelp.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement