Medisinballen
Øving frå Harald Sandviks Håndbok for instruksjonsarbeidet, Norges idrettsforbund, 1947.
Det er eit fint namn han har fått, medisinballen. Her handlar det likevel ikkje om piller og slik type medisin, men om rehabilitering. Det blir hevda at Hippokrates fylte sand i pungen til daude dyr for å lage ein tung ball han kunne trene opp pasientane sine med. Medisinballen viste seg å vere ein god reiskap for å byggje opp både styrke og koordinasjon etter brot og verre skadar.
På biletet frå 1947, til venstre, ser vi ei øving der kjernemuskulaturen bli sett på prøve. Utøvaren held medisinballen over hovudet og vippar føtene sakte bakover, til både ball og tåspissar når graset. Så tek han fart opp igjen og sender ballen til partnaren sin.
I åra etter at denne akrobatiske øvinga blei utført, har lêrballen blitt mykje brukt i kroppsøvingsundervisninga – då gjerne i sirkeltreninga. Form og tyngd gjer han god som ekstra vekt i både djupe knebøyg og magetrening. Elevane brukar han også i stafett, der det er om å gjere å flytte den tunge ballen raskast mogleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.