Ord om språk
Med nasen i sky
I dag skal me rosa sky opp i skyene. Dette vesle ordet spelar ei stor rolle i daglegtalen vår. Når me talar om det som hender oppe på himmelen, og det gjer me temmeleg ofte, plar sky bryta gjennom skylaget av andre ord.
Ordtaka våre om skyer målber at den som er liten, kan få mykje å seia: «Ei lita sky gjer stor skugge.» «Lita sky kan skyla (el. skjula) både sol og måne.» Mykje tyder på at sky kjem av ei rot som tyder nettopp ‘løyna, dekkja’, og at sky dimed er i ætt med skjul (før: skjol), skyla/skjula og skur (‘lite uthus’). Det kan vera freistande å kopla sky til skugge (bm. skygge), men i Våre arveord (Bjorvand og Lindeman) vert den teorien vraka. Der står det at skugge truleg kjem av ei rot som opphavleg tydde noko slikt som ‘noko ein ser eller skimtar som eit atterskin i glas, vatn eller liknande’ (jf. norr. skuggsjá ‘spegel’).
Sky kom inn i engelsk frå norrønt, og i engelsk har ordet etter kvart fått tydinga ‘himmel’. Ved fyrste augnekast kan det verka underleg. Men me òg nyttar sky om himmelen eller lufta, i alle fall i vendingar som «mot sky» og «i sky». Når me syng at lerka jublar høgt i sky, meiner me ikkje at ho jublar inn i skydekket.
Folk talar meir og meir om «skya» i tydinga ‘samling av datatenester’, men det meste av skysnakket vårt har framleis med rettelege skyer å gjera. Me talar om høgt, lågt og skiftande skydekke. Det er lettskya, overskya eller tilskyande. Det skyar opp, på, til og over. Skyflak driv over himmelen, og tunge eller mørke skyer samlar seg (jf. skybakke, skybanke). Her finst skybrot, skydottar og skypumper. Me skil mellom fjørskyer, makrellskyer, perlemorskyer og ei rad andre skyer. Innimellom skin sola frå skyfri himmel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.